Nord- og Sør-Korea opnar direkteline

Nord- og Sør-Korea har opna eit direkteline før det historiske møtet mellom Kim Jong-un og Moon Jae-in.

Telefonlina, som blei testa fredag, er opna for å legge til rette diskusjonar og å bidra til å unngå misforståingar mellom dei to nabolanda.

Ifølgje sørkoreanske medium varte den første testsamtalen i 4 minutt og 17 sekund.

- Dette er første gong at ei telefonline er etablert direkte mellom dei to leiarane, seier ein talsmann for Moon Jae-ins kontor.

Toppmøtet neste fredag skjer i grensebyen Panmunjom, og det historiske møtet mellom dei to blir tredje gong statsleiarar for dei to landa møter kvarandre sidan slutten av Koreakrigen i 1953.

Kim Yo-jong, systera til leiar Kim Jong-un i Nord-Korea, åt i februar lunsj med president Moon Jae-in i Sør-Korea, og overrekte ein invitasjon frå broren om å besøkje Pyongyang. No skal dei to statsleiarane møtast. Foto: AP / NTB scanpix

(©NPK)