Annonse

Nordhaug parkerer sykkelen

Lars Petter Nordhaug (33) gir seg i Aqua Blue-laget og legg opp som proffsyklist.

Lars Petter Nordhaug (33) gir seg i Aqua Blue-laget og legg opp som proffsyklist.

Det opplyser den irske arbeidsgjevaren hans i ei pressemelding.

- 2017 var eit vanskeleg år for meg med eit tilbakefall av CMV-virus, som påverka kva eg kunne prestere gjennom sesongen. Som 33-åring er eg stolt over å kunne sjå tilbake på ein lang karriere som profesjonell syklist, og at eg har spelt ei lita rolle i Aqua Blue Sports suksess i sitt første år, seier Nordhaug i pressemeldinga.

- Etter litt refleksjon har eg bestemt meg for at det beste for meg og Aqua Blue Sport er at eg forlèt laget, legg nordmannen til.

Nordhaug vart norsk meister i landevegssykling i 2006 og i rundbane to år seinare. Den einaste samanlagtsigeren hans på verdstouren kom i Grand Prix Cycliste de Montréal i 2012. For to år sidan gjekk han til topps i rittet Tour de Yorkshire.

(©NPK)

Lars Petter Nordhaug gir seg som proffsyklist.
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix