Nordmann mistenkt for dating-svindel i millionklassen

(NPK-NTB): Ein mann i 30-åra vart fredag fengsla i fire veker etter å ha blitt meldt til politiet av sju kvinner han trefte via ei datingside. Han skal ha lurt til seg fem millionar kroner frå kvinnene.

Den 30 år gamle mannen vart onsdag arrestert i Sverige etter eit samarbeid mellom svensk og norsk politi. I Skien tingrett fekk politiet medhald i kravet om fire vekers varetektsfengsling, ifølgje Aftenposten.

Mannen skal ha fått kvinnene til å låne han pengar, og i alt sju personar har til no meldt han til politiet. Politiet undersøkjer om det kan vere fleire kvinner som har blitt lurte.

– Til saman gjeld dei sju tilfella bedrageri for fem millionar kroner, opplyser politiadvokat Gunstein Bjørgum i Telemark politidistrikt til avisa.

Politiet kallar dette for «Sukker-saka» fordi 30-åringen innleidde relasjonar til kvinnene på nettdatingsida Sukker.no. Saka har ikkje vore omtalt i media tidlegare.

I tillegg er mannen sikta for eit tilfelle av truslar og eit tilfelle av skremmande åtferd. Dei fornærma kvinnene er busette i Oslo, Telemark, Østfold og fleire stader på Vestlandet. 30-åringen er dømt for liknande tilfelle tidlegare. (©NPK)