Annonse

Nordmenn elskar framleis svenske torp

Nordmenn held fram med å kjøpe svenske fritidshus, medan interessa har kjølna hos tyskarar og danskar.

Fersk statistikk viser at det berre var delen av norskeigde fritidshus som auka i fjor. Auken var likevel på magre 2 prosent frå året før, då 237 torp og fritidshus fekk norske eigarar. Auken er den lågaste sidan 2000.

Nordmenn eig 11.700 fritidshus og er klart i fleirtal som utanlandske eigarar. Vi held fram med å dra frå dei andre landa. Saman med Danmark og Tyskland står vi for 88 prosent av utanlandskeigde fritidseigedommar i Sverige.

Sidan 2000 har talet på fritidshus som er eigde av utlendingar auka med 107 prosent.

- Danskane auka kraftig i byrjinga. Dei hadde god økonomi, og eg trur ein fekk mykje for pengane i Sverige, men dette har endra seg dei seinare år, seier Rein Billström, ansvarleg for statistikken hos Statistiska centralbyrån.

- Nordmenn har også hatt god økonomi. Dei aukar framleis, men auken er ikkje lenger like sterk, seier han.

Dei regionale variasjonane er store. Kronoberg og Värmland er populære, medan utlendingar gjerne unngår Stockholm, Uppsala, Södermalm, Gotland og Västmanland.

- Nordmenn held seg til dei same områda, og det har litt samanheng med Svinesundsbrua, meiner Billström.

(©NPK)