Annonse

Noreg får nasjonalt cybersikkerheitssenter

I løpet av hausten etablerer Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) eit nasjonalt cybersikkerheitssenter i Noreg.

Annonse

I løpet av hausten etablerer Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) eit nasjonalt cybersikkerheitssenter i Noreg.

Nyheita som først vart omtalt av Finansavisen, slepper NSM under Arendalsveka som begynner måndag.

- Det har vore ein prosess som har gått føre seg ei stund. Over tid har vi sett at den teknologiske utviklinga har skapt eit behov for å kraftsamle spissare kompetanse rundt for eksempel varsling, handtering og rådgjeving i samband med cyberangrep, seier Annette Tjaberg, fungerande direktør i NSM til avisa.

Viktige oppgåver blir å identifisere, utvikle og koordinere effektive tiltak tilpassa ulike sikringsbehov. Senteret skal også bli betre på å oppdage og handtere hendingar og vil ha hovudansvar for koordinering og handtering ved nasjonale, sektorovergripande hendingar

Hovudleveransane vil vere retta mot Forsvarets behov, men blir samtidig forma ut slik at dei kan gjenbrukast i sivil sektor, skriv avisa.

Det nye senteret inngår som ein del av sikkerheitsmyndigheita.

Etablering av senteret vil skje utan ekstra middel. Men NSM har fått tildelt 497 millionar kroner frå Forsvars­departementet for å modernisere og gjennomføre ei betydeleg utviding av Varslingssystem for digital infrastruktur dei kommande åra.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix