Noreg kan anka viss Breivik vinn fram

Dersom massedrapsdømde Anders Behring Breivik vinn mot Noreg i Strasbourg torsdag, kan staten anka saka inn for storkammerbehandling.

Breivik er dømd til 21 års forvaring for terrorangrepa på Utøya og i regjeringskvartalet 22. juli 2011 der 77 menneske blei drepne.

Omfanget av isolasjon og kontroll i fengselet bryt med menneskerettane, meiner Breivik. Etter å ha tapt på alle punkt i Borgarting lagmannsrett og fått anken avvist av Høgsterett, klaga Breivik - som har bytt namn til Tjotolf Hansen - saka inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg.

Torsdag fell dommen.

Folkerettsleg bunden

Professor Jon Petter Rui ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Tromsø seier til NTB at det er relativt sjeldan, men ikkje unikt, at vestlege demokratiske statar blir dømde for brot på forbodet mot tortur og umenneskeleg og uverdig behandling.

- Skulle Breivik vinna fram i saka mot Noreg, så er staten folkerettsleg bunden til å setja i verk tiltak som gjer at menneskerettane ikkje blir brotne. Ein eventuell fellande dom seier sjeldan noko konkret om korleis nasjonalstaten skal opptre for ikkje å bryta menneskerettane, seier Rui.

Han legg til at Noreg har tradisjon for å retta seg etter Strasbourg.

Storkammer

Staten, ved regjeringsadvokaten, har likevel høve til å anka ein eventuell fellande dom ved Menneskerettsdomstolen.

- Noreg kan krevja ei såkalla storkammerbehandling av saka. Det inneber ny behandling med fleire dommarar. Som oftast brukar ein då å ha munnlege forhandlingar, altså innlegg frå staten og frå klagar etterfølgt av eventuelle spørsmål frå dommarane. Det skjer for open rett, seier Rui.

Jussprofessoren poengterer at det ikkje ligg til rolla hans å ha noka meining om kva utfall som er sannsynleg i saka til Breivik mot Noreg.

(©NPK)

Noreg har tradisjon for å retta seg etter ein eventuell fellande dom ved Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Men vinn massedrapsdømde Anders Behring Breivik fram mot Noreg når dommen i saka hans fell torsdag, har staten høve til å føra saka hans inn for storkammerbehandling. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix