Annonse

Noreg med superklatring tok OL-sølv i blanda stafett

Noreg klarte ikkje å forsvare OL-gullet i blanda skiskyttarstafett, men sikra sølvet etter to solide etappar av Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen.

Etter to etappar var Noreg ordentleg ille ute. Marte Olsbu og Tiril Eckhoff fekk det ikkje til å klaffe på standplass og brukte til saman åtte ekstraskot. Eckhoff måtte også ut i éin strafferunde. Då låg det norske laget heilt nede på 10.-plass, og var over 50 sekund bak ein medaljeplass.

Men Bø og Svendsen snudde den negative trenden med høg fart i sporet og markant betre skyting. Duoen klarte seg med tre ekstraskot.

Martin Fourcade leidde Frankrike inn til eit klart gull. Storstjerna plaffa ned alle blinkane på sin sisteetappe. Det franske laget var 20,9 sekund framfor Noreg.

Stressa

Dei norske skiskyttarane har trøbla på standplass i Pyeongchang, og tysdag fortsette skyteproblema. Noreg måtte totalt ty til 11 ekstraskot og var innom strafferunden, men likevel heldt det altså til medalje.

Noreg hamna bakpå frå første skyting. Marte Olsbu opna med to ekstraskot, mens ho trengde eitt til på ståande skyting. Froland-løparen tapte også nokre sekund på ladekluss.

- Eg vart litt stressa fordi eg var litt bakpå frå start. Det lønner seg aldri, sa Olsbu til TVNorge.

Ho sende Tiril Eckhoff ut på andre etappe 32,8 sekund bak Italia. I Sotsji-OL skaut Eckhoff feilfritt på Noregs veg til gullet, men tysdag sat ikkje skytinga i det heile tatt. Bærumsjenta måtte bruke to ekstraskot på liggjande, men det var på liggjande det verkeleg gjekk gale. Der vart det tre bom og éin strafferunde.

Raskt

Dermed raste Noreg nedover resultatlista. Eckhoff kom inn til veksling på ein 10.-plass, og Johannes Thingnes Bø starta sin etappe 1.23,4 minutt bak teten.

- Eg er skuffa over meg sjølv. Eg prøvde å fighte og vere offensiv, men plutseleg står eg der med tre bom på ståande. Då hjelper det ikkje å gå fort. Eg gjekk litt over evne for å ta igjen dei framfor, og då vart det dessverre litt skjelven. Beklagar, sa Eckhoff.

Bø skaut ein rask serie på si første skyting. Det klarte han trass i vanskelege forhold. På ståande trengde han eitt ekstraskot, men det nytta han seg av svært kjapt. Dermed var luka opp til medaljane kutta ned vesentleg.

Emil Hegle Svendsen vart sendt ut på sisteetappen eit halvsekund bak bronseplassen. Trønderen brukte eitt ekstraskot på begge sine to skytingar.

Til slutt var det aldri nokon tvil om at Noreg skulle ta sølvet. Bronsevinnar Italia var i mål seks sekund bak.

(©NPK)

Emil Hegle Svendsen tok Noreg til OL-sølv i blanda stafett tysdag. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix