Noreg sluttar seg til dei nye personvernreglane i EU

Dei nye reglane for personvern i EU blir innlemma i norsk lov. - Vi innfører gullstandarden, meiner Peter C. Frølich i Høgre. 

Tysdag vedtar Stortinget å innlemme personvernforordninga til EU i EØS-avtalen og å endre den norske personopplysningslova slik at den samsvarar med den nye forordninga.

- Dette markerer eit betydeleg sterkare vern for personopplysningane til norske borgarar, seier Frølich, som har vore saksordførar for saka i justiskomiteen. Han seier endringane betyr strammare kontrollregime og sanksjonar overfor dei som bryt reglane om oppbevaring av personopplysningar.

- Det å oppbevare personopplysningar inneber eit ekstremt stort ansvar. Det har nok både offentlege og private aktørar tatt for lett på, seier Frølich til NTB.

Han meiner EU og Noreg no innfører «gullstandarden» for personvern.

- For lite tid

Både Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner derimot at dei har fått for lite tid til å behandle saka. Dei påpeiker at tekstane Stortinget blir bedt om å slutte seg til, ikkje er ferdig utarbeida i samråd med EU enno og foreslo at regjeringa må komme tilbake med nytt lovutkast når dette er klart.

Emilie Enger Mehl i Sp påpeiker at saka er omfattande.

- Den korte behandlingstida er særleg kritikkverdig i ei sak som legg opp til norsk myndighetsavståelse til EU, som Senterpartiet på generelt grunnlag meiner må behandlast grundig og ikkje må skje med mindre det er strengt nødvendig, seier ho.

Mehl viser til at det skal opprettast eit overnasjonalt personvernråd, som vil ha styresmakt til treffe avgjersler som bind Datatilsynet. Men det norske tilsynet vil ikkje vere fullverdig medlem av personvernrådet. Om Datatilsynet ønsker å utfordre vedtaket frå Personvernrådet, blir EU-domstolen ankeinstans.

- Nødvendig med raskt vedtak

Frølich avfeiar derimot kritikken. Han hevdar det ikkje er noka formell avståing av styresmakt til EU-domstolen, med unntak av det han omtaler som svært spesielle tilfelle.

Frølich innrømmer at Stortinget har fått kort tid på seg til å behandle saka, men meiner det var nødvendig for å unngå at det blir eit gap mellom norsk rett og EU-retten.

- Det kunne skadd norske interesser og rettane til borgarane våre, seier han.

(©NPK)