Annonse

Norges Fotballforbund meiner VAR kan bli aktuelt i Eliteserien etter VM-suksess

Norges Fotballforbund trur Eliteserien er moden for VAR, men vil ikkje spekulere i når det skal innførast. Toppklubbene er positive, men førebels avventande.

Annonse

- Vi ser at det blir innført internasjonalt og må nok på eit tidspunkt også følgje etter. Vi har starta ein prosess, men det er for tidleg å seie noko om når VAR skal takast i bruk i Noreg, fortel konkurransesjef i Norges Fotballforbund, Nils Fisketjønn til NTB.

I juni var NFF i møte med dei norske toppklubbene og diskuterte moglegheita for å innføre videoassistert dømming i den norske eliteserien. Fisketjønn opplevde møtet som nyttig og det er allereie planlagt nye diskusjonar etter sommaren.

- Klubbane er positivt avventande. Vi skal dessutan ha eit møte med fotballeiinga i dei andre nordiske landa i august for å høyre deira synspunkt. Det er ikkje utenkjeleg at det blir eit samarbeid innanfor Norden, dersom vi vel å gå for VAR på eit seinare tidspunkt. Førebels er det ikkje vedtatt noko politisk i NFF.

Spleiselag

Ei eventuelt innføring av VAR er venta å koste mellom 15 og 20 millionar kroner. Kostnadene blir dekka av eit spleiselag mellom NFF og norske toppklubber.

- Det er absolutt eit viktig element. Fifa har finansielle musklar som gjer det uproblematisk å innføre VAR. For norsk fotball vil det naturlegvis bli eit kostnadsspørsmål. Det er også derfor fleire av toppklubbene er positive, men avventande.

Dommarsjef Terje Hauge er tydeleg på at dei ønsker videoassistert dømming, men er klar over dei store kostnadene ei slik investering medfører.

- Det er store kostnader knytt til både investering i systemet og deretter drift. Ein må opprette eit eige VAR-rom der dommarane følgjer kampane. Vi har ein kontinuerleg dialog og vil vere klare når norsk fotball er klar. Men norske toppdommarar ønskjer seg VAR og synest det er spennande - det er heilt klart, fortel Hauge til NTB.

Over all forventning i VM

VAR blei eit heitt tema under fleire kampar i Russland. Dommarsjef Hauge er likevel imponert over kor saumlaust det viste seg å bli.

- Det gjekk over all forventning. Ein må huske at dette var første gong det blei brukt i eit stort meisterskap. Fifa skal ha respekt for at dei turte å satse på VAR allereie no.

52-åringen understrekar likevel betydninga av at VAR berre grip inn ved heilt openberre dommarfeil, dersom det skal bli ein suksess på sikt.

- Det vil alltid bli diskusjonar. Særleg når VAR bryt inn ved 50/50-situasjonar. Det skjedde nok kanskje tre-fire gonger for mykje i meisterskapen. Då kan vi sitte å sjå på bileta om igjen og om igjen utan å bli einige. Det er sentralt at VAR blir brukt rett, men det er framleis tidleg i prosessen og eg trur det kan bli veldig bra med meir erfaring.

(©NPK)

Konkurransesjef i NFF, Nils Fisketjønn, fortel at det er sett i gang prosessar for å sjå på ei mogleg innføring av VAR i Eliteserien.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix