Annonse

Norske bankkundar får tilgang til Apples betalingsteneste

Teknologigiganten Apples betalingsteneste Apple Pay er frå onsdag tilgjengeleg for kundar i fleire bankar i Noreg.

I første omgang vil betalingstenesta vere tilgjengeleg i Noreg for kundar med konto og Visa-kort i Nordea Bank, Santander Bank og Sbanken (tidlegare Skandiabanken), opplyser Noregs-sjef i Visa Jens Nes.

Apple Pay vil også vere tilgjengeleg for Nordeas kundar med Mastercard-kort, opplyser Inge Kjønnøy, leiar for MasterCard Noreg.

Apple Pay fungerer ved at ein held mobiltelefonen inntil betalingsterminalen, og så godkjenner fingeravtrykket betalinga. Ifølgje Apple fungerer tenesta i appar eller med nettlesaren Safari med telefonane iPhone 6 og nyare, og modellen SE, ei rad iPad-ar og Mac-maskiner.

Kaffi på hjørnet

- Vi er glade for å kunne tilby Apple Pay til kundane våre, det er ei svært brukarvennleg løysing. Eg er sikker på at dette vil gjere kvardagen enklare for mange, seier Snorre Storset, administrerande direktør i Nordea Noreg.

- Om du kjøper kaffi på hjørnet, betalar for mjølk og brød i kassa eller shoppar sommarkjolen på nett: No kan dei daglegdagse betalingane gjerast raskare og enklare med Apple Pay, seier Børge Liavik, kommersiell direktør i Santander i Noreg.

Også i Sbanken er ein storfornøgd med å kunne tilby betalingsløysinga til sine kundar.

- Apple Pay vil gjere betaling via mobil til ein enkel, trygg og personleg måte å betale på som er raskt og lettvint for norske kundar, seier dagleg leiar Magnar Øyhovden i Sbanken.

Lansert i 2014

At tenesta ville bli lansert i Noreg snart, vart kunngjort av Apple-sjef Tim Cook allereie under presentasjonen av kvartalstala i byrjinga av mai. Den gong kunne Cook fortelje at betalingstenesta ville bli lansert i både Noreg og Polen dei neste månadane.

Tenesta vart lansert i 2014, og før Noreg og Polen kom med på lista var det mogleg å bruke Apple Pay i 21 land, skriv Tek.no.

Sverige, Danmark og Finland fekk tilgang til tenesta i fjor haust.

- Erfaringane derifrå er at kundane verkeleg likar betalingsløysinga og at dei blir positivt overraska over kor enkelt det faktisk er, seier Snorre Storset i Nordea.

Konkurrent til Vipps

Frå før har DNBs Vipps for lengst kapra marknaden for vennebetaling i Noreg. Betaling i butikkar og nettbutikkar er på gang, og kontaktlaus betaling, såkalla NFC, er blitt stadig vanlegare.

Ifølgje Tek.no kan Apple ha ein fordel ved betaling mellom eigne mobiltelefonar. I den siste programvareoppdateringen vart det mogleg å sende pengar via meldingsappen.

Nordea er frå før partnar med DNB om Vipps-løysinga. Førebels har det ikkje komme meldingar om at funksjonaliteten for vennebetaling gjennom Apple Pay blir tilgjengeleg i Noreg. Det ville gjort Apple Pay til ein mektig utfordrar til Vipps her heime, ifølgje E24.

(©NPK)

Apple-sjef Tim Cook kunngjorde i mai at Noreg ville få Apple Pay. Onsdag vart det klart at fleire norske bankkundar får tilgang til betalingstenesta. Foto: AP / Marcio Jose Sanchez / NTB scanpix