Norske frimerke selt for 2 millionar kroner

Ei blokk med det som er dei første frimerka i Noreg, blei selt for 2 millionar kroner på ein auksjon i Genève.

Det fortel Frantz-Caspar Moldenhauer i firmaet Skanfil Auksjoner til Bergensavisen. Han kjøpte frimerka på vegner av ein kunde på Austlandet.

Frimerket kom ut 1. januar 1855. Blokka Moldenhauer kjøpte i Genève, er den største kjente samanhengande eininga av dei første frimerka i Noreg. Det er betalt porto 39 gonger, noko som tyder på at frimerka blei brukt til ei større sending.

Frimerka blei funne då ein jarnbanestasjon blei riven i Trondheim på 1920-talet, fortel Moldenhauer. Blokka forsvann så frå marknaden, men dukka opp att på auksjon i London i 1979. Samleobjektet blei då selt for nærmare 800.000 kroner.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix