NRK: IOC vurderer å gi Bjørndalen friplass i OL

Ole Einar Bjørndalen kan bli tildelt friplass i OL av Den internasjonale olympiske komiteen, melder NRK.

Statskanalen hevdar å kjenne til at IOC-leiinga vurderer å gjere eit sjeldan vedtak ved å gi Bjørndalen ein sjanse til å delta i sine sjuande olympiske leikar.

- Det hadde vore ein fin gest. Han er regjerande meister på sprinten, så han kunne for eksempel fått ein plass der, seier landslagstrenar Siegfried Mazet til NRK.

Måndag kom beskjeden om at Ole Einar Bjørndalen ikkje vart innstilt til OL av sitt eige forbund. Olympiatoppen har i etterkant vurdert grunnlaget for innstillinga, men valde å ikkje overprøve Norges Skiskytterforbund.

Dermed skal i utgangspunktet Emil Hegle Svendsen, Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Lars Helge Birkeland, Henrik L'Abée-Lund og Erlend Bjøntegaard representere Noreg under vintervekene i Pyeongchang i neste månad.

Bjørndalen har ikkje levert gode nok resultat denne sesongen og nådde ikkje opp i kampen om dei seks norske plassane. Etter uttaket måndag omtalte hovudpersonen det som «kjipt».

- Eg må ta omsyn til uttakskriteria. Vi sender eit veldig sterkt lag til OL, og eg ønsker dei lykke til, konstaterte han vidare overfor TV 2.

No spørst det om skiskyttarkongen frå Simostranda likevel har eit halmstrå å klamre seg til.

(©NPK)

Ole Einar Bjørndalen kan få IOC-hjelp. Foto: Sven Hoppe/dpa via AP / NTB scanpix