Annonse

NRK-streiken: Spekter og NJ kranglar om streikebryting 

Mens NRK-streiken fortset med uforminska styrke prøver Spekter og Norsk Journalistlag å finne ut av kva omgrepet streikebryting rommar.

Kva som ligg i streikebryting, blei drøfta på eit møte mellom leiinga i arbeidstakarorganisasjonen Norsk Journalistlag (NJ), den lokale NRK-klubben (NRKJ) og arbeidsgivarforeininga Spekter tysdag ettermiddag.

- Vi har gjort greie for at vi meiner dei interne retningslinjene til NJ for kva som er streikebryting, strir mot den vanlege oppfatninga av streikebryting, skriv kommunikasjonssjef i Spekter Ingvild Dahl Dørnes i ei tekstmelding til NTB.

- Vi meiner at sending av reprisar, publisering av stoff som er laga før streiken, og omdisponering av ikkje-streikande innanfor arbeidsavtalen, ikkje er streikebryting, poengterer ho.

Spekter har også ei klar oppfordring til NJ.

- Vi har bedt NJ bekrefte at dei er samde i dette og komme tilbake med eit svar på det. Vi vil følgje denne situasjonen vidare og forventar at NJ justerer retorikken sin, seier Dørnes.

NJ-leiar Hege Iren Frantzen stadfestar at partane drøfta omgrepet streikebryting tysdag.

- Her er nok partane ueinige om kva som ligg i det omgrepet. Det er heilt som forventa, og det er ikkje noko dramatisk i det, skriv ho i ein tekstmelding til NTB.

1.700 NRK-journalistar over heile landet er i streik etter at meklinga mellom NRKJ og rikskringkastaren ikkje førte fram for vel ei veke sidan.

(©NPK)

«Rettferdig lønn», kravde NRK-journalistar som tysdag demonstrerte utanfor radiohuset på Marienlyst i Oslo. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Demonstrasjon utanfor radio-resepsjonen på Marienlyst tysdag. Jarle Roheim Håkonsen snakkar til dei streikande NRK-journalistane. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix