Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

onsdag 22. februar 2017

Siste 100 frå NPK-NTB:

Lallana forlengde med Liverpool

Sport - Publisert:

Adam Lallana har forlengd kontrakten sin med Liverpool med tre nye år.

 

WWF truer med ulvesøksmål

Innenriks - Publisert:

WWF-leiar Nina Jensen vil ta regjeringa for retten dersom ei eventuell endring av naturmangfaldlova fører til at fleire ulv blir skotne.

 

Islandsk seier i Lahti-VMs første renn

Sport - Publisert:

Elsa-Gudrun Jonsdottir frå Island vann det første rennet i ski-VM. 30-åringen frå Olafsfjördur var best i langrennskvalifiseringa for kvinner.

 

Senterpartiet hardt ut mot politireforma

Innenriks - Publisert:

Senterpartiets justispolitiske talskvinne Jenny Klinge erklærer at namnet "Nærpolitireforma" er dødt, og oppfordrar Stortinget til å gripe inn.

 

Riis-Johannessen på pallen i Italia

Sport - Publisert:

Kristina Riis-Johannessen blei nummer tre i europacuprennet for kvinner i super-G onsdag. Tomas Markegård blei nummer fire i utfor for menn.

 

Mann i 50-åra omkom i akeulykke i Nordland

Innenriks - Publisert:

Ein mann i midten av 50-åra døydde i ei akeulykke i Sulitjelma Fjellandsby i Fauske i Nordland onsdag.

 

Mowbray ny manager i Blackburn

Sport - Publisert:

Tony Mowbray blei onsdag tilsett som ny manager i den engelske meisterskapsserieklubben Blackburn.

 

Regjeringa vil gjere det lettare å skyte ulv

Innenriks - Publisert:

Klimadepartementet foreslår å endre naturmangfaldlova slik at ho gir utvida høve til lisensfelling av ulv - også der det ikkje er skadepotensial.

 

Krav til spesialisering for legar i kommunane

Innenriks - Publisert:

Legar som vert tilsette i eller inngår avtale med kommunen frå 1. mars i år må vere spesialistar i allmennmedisin eller under spesialisering.

 

HRW: Journalist i Usbekistan lauslaten etter 18 års fengsel

Utenriks - Publisert:

Styresmaktene i Usbekistan har lauslatt journalisten Muhammad Bekjanov etter 18 år i fengsel, ifølgje Human Rights Watch. 

 

To norske kan få plass på verdslaget i fotball

Sport - Publisert:

Ada Hegerberg og Caroline Graham Hansen er nominerte til ein plass på verdslaget i fotball for 2016.

 

Sterk debutanttrio kappast om Tarjei Vesaas-pris

Innenriks - Publisert:

Tre nesten jamgamle nykomlingar i litteraturverda er nominerte til Tarjei Vesaas' debutantpris.

 

VM-dronninga kritiserer IOC

Sport - Publisert:

Den tyske skiskyttarstjerna Laura Dahlmeier rettar skarp kritikk mot organiseringa og tildelinga av Dei olympiske leikar.

 

Tyrkia opnar for hijab-bruk i militæret

Utenriks - Publisert:

Tyrkiske styresmakter opnar for at kvinner tilsett i militæret kan få bere hijab. 

 

Ny president tatt i eid i Somalia

Utenriks - Publisert:

Somalias nye president Mohamed Abdullahi Mohamed er tatt i eid. Han fryktar det kan ta fleire tiår å få orden på det krigsherja og tørkeramma landet.

 

Forskar: Større regionar kan styrkje små parti

Innenriks - Publisert:

Å endre det fylkeskommunale kartet kan gi utslag i det partipolitiske terrenget, meiner valforskar Bernt Aardal. 

 

Skjelbred gir seg på landslaget

Sport - Publisert:

Fotballspelar Per Ciljan Skjelbred har spelt sin siste landskamp for Noreg.

 

Difi: Nærpolitiomgrepet blir latterleggjort

Innenriks - Publisert:

-Vi må leve med namnet, men vi kunne nok kalla nærpolitireforma noko anna, innrømmer justisminister Per-Willy Amundsen (Frp).

 

Amnesty: Tyrkia versting på menneskerettar

Utenriks - Publisert:

Tyrkia var blant landa der ein såg dei alvorlegaste brota på menneskerettane i 2016, ifølgje menneskerettsgruppa Amnesty.

 

Flåmsbana stengt til torsdag

Innenriks - Publisert:

Flåmsbana er stengt ut døgnet etter eit ras som gjekk på strekninga tidleg onsdag morgon. Ein stor stein hamna på sporet og forårsaka store skadar.

 

Stolen naziport tilbake i Dachau

Utenriks - Publisert:

Porten frå den tyske konsentrasjonsleiren i Dachau, som vart stolen og funnen i Bergen i desember, er tilbake ved minnestaden i leiren.

 

ESA: Dei norske reglane for drosjeløyve bryt med EØS-avtalen

Innenriks - Publisert:

Noreg har lagt avgrensingar på drosjemarknaden som rammar forbrukarane og bryt med EØS-reglane, fastslår EFTAs overvakingsorgan ESA.

 

Ap vil stemme mot regionreform

Innenriks - Publisert:

Arbeidarpartiet kjem til å stemme mot den foreslåtte regionreforma, varslar partileiar Jonas Gahr Støre. 

 

Sterke reaksjonar i nord på regionreform

Innenriks - Publisert:

Fylkesleiarane i Nordland, Troms og Finnmark reagerer sterkt på forslaget til regionreform som det er blitt fleirtal for i Stortinget. 

 

Maaemo beheld tre Michelin-stjerner

Innenriks - Publisert:

Oslo-restauranten Maaemo beheld sine tre stjerner i den nye Michelin-guiden for Norden. 

 

Difi: Arbeidet med politireforma er i rute

Innenriks - Publisert:

Nærpolitireforma er ei krevjande reform, men arbeidet er så langt i rute, fastslår Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i ein statusrapport for 2016. 

 

Sp: Overkøyring av lokaldemokratiet

Innenriks - Publisert:

Stortingsfleirtalet har blitt einige om ei kommunereform som valsar over lokale vedtak, meiner Senterpartiet.

 

Sushirestaurant i Stavanger får Michelin-stjerne

Innenriks - Publisert:

Sushirestauranten Sabi Omakase i Stavanger har fått ei Michelin-stjerne i den nordiske Michelin-guiden. 

 

Domstol: Sør-Afrika kan ikkje trekke seg frå ICC

Utenriks - Publisert:

Ein sørafrikansk domstol meiner planen til regjeringa om å trekkje Sør-Afrika frå Den internasjonale straffedomstolen (ICC) er ugyldig og i strid med grunnlova.

 

Samarbeidspartia kuttar talet på kommunar til 358

Innenriks - Publisert:

Regjeringa og samarbeidspartia er einige om ein avtale der talet på kommunar blir slanka til 358 frå 428 i dag. Nesten hundre kommunar blir slått saman.

 

Noreg gir 135 millionar kroner i nødhjelp til Sør-Sudan

Innenriks - Publisert:

Den humanitære krisa i Sør-Sudan er så prekær at regjeringa har bestemt seg for å gi 135 millionar kroner i nødhjelp til det konfliktherja landet.

 

SSB: Arbeidsløysa fall til 4,4 prosent i desember

Innenriks - Publisert:

I desember var det 122.000 arbeidsledige i Noreg, viser sesongjusterte tal frå SSB. Det utgjorde 4,4 prosent av arbeidsstyrken, eitt fall på 0,4 prosentpoeng.

 

Northug: - Eg var ein kronidiot

Sport - Publisert:

Petter Northug tar i bruk store ord om eigen feil i oppkøyringa til Lahti-VM.

 

Ingen felles norsk plan om korleis ein skal slå Nilsson

Sport - Publisert:

Stina Nilsson er løparen å slå framfor VM-sprinten i Lahti. Dei norske jentene har førebels ikkje snakka saman om korleis dei skal slå det svenske sprintesset.

 

Samarbeidspartia vil redusere talet på kommunar til 358

Innenriks - Publisert:

Regjeringa og samarbeidspartia er einige om ein avtale der talet på kommunar blir redusert til 358 frå 428 i dag.

 

Politifolk flest tvilar på politireforma

Innenriks - Publisert:

Eit stort fleirtal av politifolka i landet tvilar på at politireforma til regjeringa vil gi eit betre politi, ifølgje ei stor undersøking.

 

Svalbardbebuarar rasar mot skredvarsling

Innenriks - Publisert:

Tilliten til skredvarslingssystemet er på eit minimum etter at eit snørras tysdag uventa feia over to bebudde bygningar. 

 

Barn fører til karriereforskjellar

Utenriks - Publisert:

Fleire kvinner enn menn jobbar mindre, lar vere å søke nye jobbar og får dårlegare lønnsutvikling når dei får barn, viser ei svensk undersøking.

 

Nord-Noreg fryktar for fiskeindustrien sin

Innenriks - Publisert:

To av tre innbyggjarar i Nord-Noreg fryktar at meir av fiskeressursane vil komme andre enn kystbefolkninga til gode i framtida.

 

EU nektar Noreg å kutte barnetrygd

Innenriks - Publisert:

EU-kommisjonen seier kontant nei til ønsket frå regjeringa om å justere barnetrygd og kontantstøtte etter kostnadsnivået i landet der barnet bur, skriv VG.

 

Flåmsbana stengt etter ras

Innenriks - Publisert:

Flåmsbana er stengt etter eit ras som har gått på strekninga tidleg på morgonen. Ein stor stein har truleg hamna på sporet og forårsaka store skadar.

 

Studie: Færre sjølvmordsforsøk etter legalisering av homoekteskap

Utenriks - Publisert:

Ein nedgang i talet på tenåringar som prøver å ta sitt eige liv heng saman med legalisering av likekjønna ekteskap, ifølgje ein ny amerikanske studie.

 

Kommunereforma er truleg klar

Innenriks - Publisert:

Regjeringspartia og støttepartia vil venteleg presentere resultatet av kommunereforma når dei onsdag morgon held pressekonferanse på Stortinget.

 

Levealderen nærmar seg 90 år for kvinner i fleire land

Utenriks - Publisert:

Sør-Korea blir i 2030 truleg det første landet der forventa levealder for kvinner overstig 90 år, ifølgje ein ny studie. 

 

Slagsvold Vedum: - Tvang er udemokratisk

Innenriks - Publisert:

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner tvangssamanslåinga av kommunane er grunnleggjande udemokratisk, ifølgje VG.

 

Amnesty: Trump-retorikk gjer verda farlegare

Utenriks - Publisert:

Splittande og "giftig" språk brukt av politikarar som USAs president Donald Trump utgjer ein aukande fare for verda, meiner Amnesty. 

 

Parti tonar kyrkja ned i programma

Innenriks - Publisert:

Høgre, Ap og Sp endrar formuleringar om kyrkjas betyding og særstilling i dei nye utkasta til partiprogram.

 

- Stine Bredal Oftedal einig med Györ

Sport - Publisert:

Stine Bredal Oftedal er nesten einig med Györ om ein avtale og blir truleg klar for klubben med det første, fortel TV 2.

 

 22. juli-kommisjonen får hard medfart i ny bok

Innenriks - Publisert:

For første gang fortel politimennene som deltok i politiaksjonen 22. juli om det dei opplevde på Utøya 22. juli 2011.

 

Trump gjer det lettare å utvise papirlause innvandrarar

Utenriks - Publisert:

USAs president Donald Trump har komme med nye retningslinjer som gjer det langt lettare å utvise innvandrarar utan lovleg opphald.

 

Coyle ferdig i Blackburn

Sport - Publisert:

Blackburn leitar etter ein ny manager etter å ha skilt lag med Owen Coyle tysdag. Skotten fekk berre 11 sigrar på 37 kampar.

 

FN: Sju millionar på randa av svolt i Jemen

Utenriks - Publisert:

Matmangelen i krigsherja Jemen blir stadig verre. Sju millionar menneske veit ikkje korleis dei skal skaffe seg sitt neste måltid, ifølgje FN.

 

Aftenposten: 13 kommunar blir tvangssamanslåtte. Dermed blir det 363 kommunar att. 

Innenriks - Publisert:

13 kommunar blir slått saman med nabokommunar mot sin vilje, etter det Aftenposten erfarer. Totalt blir landets 428 kommunar redusert til 363. 

 

Russland satsar på oljeinvesteringar i Libya

Utenriks - Publisert:

Russiske Rosneft har fått innpass i Libyas oljesektor ved å signere ein samarbeidsavtale med Libyas statlege oljeselskap.

 

Statsministeren har forstua foten

Innenriks - Publisert:

Statsminister Erna Solberg (H) har forstua foten og får dermed ein roleg start på vinterferien. 

 

Julia Svan legg opp

Sport - Publisert:

Julia Svan, dotter av skilegenda Gunde Svan, avsluttar langrennskarrieren berre 24 år gammal.

 

Forbrukarombodet: Straumselskap bryt lova

Innenriks - Publisert:

Forbrukarombodet har avdekt fleire lovbrot blant straumselskap og krev opprydding i vilkåra. 

 

CAS-nei til dopingmistenkte russiske langrennsløparar

Sport - Publisert:

Idrettens valdgiftsrett (CAS) har avvist anken frå fem dopingsuspenderte russiske langrennsløparar som ønskte å delta i VM.

 

Jubeltysdag på Oslo Børs

Innenriks - Publisert:

Hovudindeksen på Oslo Børs hadde ein liten dipp etter opning tysdag, men då børsen stengde ligg indeksen på 699,59 poeng, ein oppgang på 1,2 prosent.

 

Veireno er konkurs

Innenriks - Publisert:

Veireno-sjef Johnny Enger leverte tysdag konkurskravsmål for renovasjonsselskapet til Follo tingrett.

 

Juncker seier brexit får ein "heftig" pris 

Utenriks - Publisert:

EU-kommisjonens president Jean-Claude Juncker åtvarar britane mot å tru at brexit kjem billig. 

 

Ras på Svalbard var ikkje venta å nå busetnaden

Innenriks - Publisert:

Det var varsla moglege snøskred på Svalbard, men ikkje at det skulle nå busetnaden, slik det gjorde tysdag.

 

Norske domstolar ramma av datavirus

Innenriks - Publisert:

Fleire norske domstolar blei tysdag ramma av eit e-postvirus. Domstoladministrasjonen bedyrar at publikum ikkje vil merke noko til angrepet.

 

Høyring på Stortinget om manglande sikring av offentlege bygg

Innenriks - Publisert:

Kontroll- og konstitusjonskomiteen vil til botnars i kvifor politiet og Forsvaret ikkje klarer å sikre offentlege bygg godt nok. 

 

Over 300 båtflyktningar har omkomme i Middelhavet i år

Utenriks - Publisert:

365 migrantar har så langt i år mista livet i forsøket på å krysse Middelhavet til Europa, ifølgje IOM. Måndag dreiv minst 74 omkomne personar i land i Libya.

 

Tollarane slo kloa i 2.300 dopingtablettar

Innenriks - Publisert:

Tollarane på Svinesund fatta mistanke til ein varebil med polsk sjåfør og gjorde ei grundig undersøking av bilen. Dei fann 2.300 tablettar og 120 ampullar.

 

Skredet i Longyearbyen er søkt gjennom

Innenriks - Publisert:

Området der det gjekk eit skred på Svalbard tysdag, er søkt gjennom, og situasjonen er avklart, opplyser Sysselmannen. Ingen er sakna.

 

Tid for Michelin-stjerner

Innenriks - Publisert:

Det er igjen tid for stjernedryss frå den franske dekkprodusenten Michelin. Sju norske matstader står oppført i 2016-utgåva av den gjeve restaurantguiden.

 

Regjeringa greier ut digitalt grenseforsvar

Innenriks - Publisert:

Regjeringa meiner Noreg må styrkje vernet mot truslar i det digitale rom, og at det derfor er behov for å etablere ei form for digitalt grenseforsvar.

 

Harsem med på det norske sprintlaget

Sport - Publisert:

Kathrine Harsem fekk den litt opne plassen på kvinne-sprinten i Lahti-VM.

 

Trekkjer ut mannskapa etter snøskredfare på Svalbard

Innenriks - Publisert:

Sysselmannen trekkjer ut mannskapet frå skredområdet på Svalbard grunna fare for nye ras. Eitt titals hus er evakuerte, og fleire vegar er stengde etter raset.

 

Spansk politi skaut mot stolen lastebil med svensk fører i Barcelona

Utenriks - Publisert:

Politifolk skaut tysdag mot ein stolen lastebil med flasker med butangass som køyrde mot køyreretninga i Barcelona. Den svenske føraren er arrestert.

 

Ulvepar i Østmarka fann kvarandre på Valentinsdagen

Innenriks - Publisert:

Det kan bli fødd eit kvelpekull i Østmarkareviret utanfor Oslo til våren. På sjølve Valentinsdagen vart eit ulvepar knipsa av eit overvakingskamera.

 

Maarud kallar tilbake Micropop

Innenriks - Publisert:

Maarud trekkjer tilbake ein trepakning med mikropopkorn. Årsaka er ein liten risiko for at produktet kan begynne å brenne i mikrobølgeovn.

 

- McMaster må ta stilling til Russland og Kina

Utenriks - Publisert:

Donald Trumps nye nasjonale sikkerheitsrådgjevar må ta stilling både til Russland og den moglege langsiktige trusselen frå Kina, meiner forskar.

 

Sysselmannen: Ingen skadd eller sakna etter ras i Longyearbyen

Innenriks - Publisert:

Sysselmannen på Svalbard har ikkje fått meldingar om skadde eller sakna etter raset som tok ei bustadblokk i Longyearbyen.

 

74 døde migrantar dreiv i land i Libya

Utenriks - Publisert:

74 omkomne migrantar har drive i land ved byen Zawiya i Libya, opplyser Røde Halvmåne. Det blir frykta at talet på døde kan stige.

 

Svalbardposten: Bustader tatt av snøskred i Longyearbyen

Innenriks - Publisert:

Det har gått eit snøskred i Longyearbyen på Svalbard. Ifølgje Svalbardposten er bustader tatt av skredet.

 

Vil sette Noreg i førarsetet i havet

Innenriks - Publisert:

Regjeringa samlar verkemiddel i ein ny havstrategi for å skape arbeidsplassar og auke verdiskapinga i havbaserte næringar.

 

Fritt Ords Honnørpris til Leo Ajkic og skamlause jenter

Innenriks - Publisert:

Fritt Ords Honnørpris går til programleiaren Leo Ajkic og "dei skamlause jentene" ved tre av dei - Amina Bile, Nancy Herz og Sofia Srour.

 

93-åringen Mugabe lovar å stille til attval

Utenriks - Publisert:

Zimbabwes president Robert Mugabe fyller 93 år tysdag, og tek opp att at han vil stille i presidentvalet i 2018.

 

Markert fall i norsk industriproduksjon

Innenriks - Publisert:

Omsetnaden i norsk industri fall med 7,5 prosent frå 2015 til i fjor og særleg eksportmarknaden trekte omsetnaden ned, viser SSB-tal.

 

Stor snøskredfare aust på Svalbard

Innenriks - Publisert:

Kraftig vind og laussnø fører til at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut varsel om stor snøskredfare på Svalbard.

 

LO godtar ikkje ny reallønnsnedgang

Innenriks - Publisert:

LO-leiar Gerd Kristiansen kan ikkje godta at norske arbeidstakarar får endå eit år med reallønnsnedgang. 

 

Gro Hammerseng-Edin legg også opp

Sport - Publisert:

Larvik misser også Gro Hammerseng-Edin etter sesongen. Handballveteranen gjer som ektefellen Anja og set karrierestrek, melder TV 2.

 

Politiadvokat slått ned av tiltalt i Drammen tingrett

Innenriks - Publisert:

Ein politiadvokat vart sendt til legevakt etter at han vart slått ned av ein tiltalt i ei rettssak i Drammen tingrett tysdag.

 

Færre årsverk i jordbruket

Innenriks - Publisert:

Frå sommaren 2015 til i fjor sommar vart det utført 82 millionar timeverk i jord- og hagebruk. Det er 7 prosent færre årsverk enn i 2013, skriv SSB.

 

Bjørgen klar for VM-dyst

Sport - Publisert:

Alt er bra med Marit Bjørgen før ski-VM. Ho startar med sprint torsdag.

 

74 døde migrantar dreiv i land i Libya

Utenriks - Publisert:

Libyske Røde Halvmåne opplyser at 74 omkomne migrantar har drive i land ved den vestlege byen Zawiya ved middelhavskysten. 

 

Tre sjølvmordsbombarar angreip domstol i Pakistan

Utenriks - Publisert:

Fleire personar er drepne etter at tre sjølvmordsbombarar angreip ein lokal domstol i Tangi, nord i Pakistan, tysdag. 

 

Ein konge for alle fyller år

Innenriks - Publisert:

Kommentatorane teiknar tysdag eit bilete av kong Harald som ein folkekonge med nærvær, forståing, evne til fornying og humoristisk sans.

 

Forbrukarrådet: Småspararar blir lurte til å kjøpe sminka fond

Innenriks - Publisert:

Småspararar blir lurte til å kjøpe dyre fond frå leverandørar som pyntar på dei historiske resultata, fastslår Forbrukarrådet etter ein omfattande gjennomgang.

 

Ruud med første verdstour-siger

Sport - Publisert:

Tenniskometen Casper Ruud (18) imponerte stort då han slo Rogério Dutra Silva over to strake sett, 6-3, 6-4, i 1. runde av ATP-turneringa i Brasil. 

 

Arbeidsgjevarar trur på opptur for ingeniørar

Innenriks - Publisert:

Ingeniørbransjen ser meir positivt på framtida. Spesielt i privat sektor og innanfor IKT og byggjebransjen vil behovet for ingeniørar stige dei nærmaste åra.

 

UNICEF: 1,4 millionar barn risikerer å svelte i hel

Utenriks - Publisert:

Nesten 1,4 millionar barn i Nigeria, Somalia, Sør-Sudan og Jemen lir av alvorleg underernæring og kan døy av svolt i år, åtvarar UNICEF. 

 

Ein av fire seier dei i liten grad er representerte på Stortinget

Innenriks - Publisert:

Kvar fjerde nordmann føler i ganske eller svært liten grad at deira meiningar og verdiar er representerte på Stortinget, ifølgje ei spørjeundersøking. 

 

NASA melder om nye funn på fjerne planetar

Utenriks - Publisert:

NASA varslar ei snarleg kunngjering av "nye funn" på planetar utanfor vårt solsystem.

 

Lerøy til himmels på høge lakseprisar

Innenriks - Publisert:

Lerøy Seafood noterte seg for ei rad nye rekordar i fjerde kvartal i fjor. Sjømatkonsernet gir vedvarande høge lakseprisar æra.

 

Fem døde i småflystyrt i Australia

Utenriks - Publisert:

Fem personar omkom då eit småfly styrta inn i eit kjøpesenter i Melbourne i Australia. 

 

Sp-Toppe vil straffe surrogatforeldre

Innenriks - Publisert:

Helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe, vil innføre straff for nordmenn som får barn ved hjelp av surrogatmødre i utlandet.  

 
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!