NTNU til topps i omdømmemåling

Norges teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU) toppar ei ny undersøking om utvalde verksemder i offentleg sektor.

Norges teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU) toppar ei ny undersøking om utvalde verksemder i offentleg sektor.

NTNU er den einaste av 39 verksemder i undersøkinga med eit «særdeles sterkt» omdømme, ifølgje undersøkinga gjennomført av Kantar TNS, skriv Khrono.

- NTNU har eit omdømme som er i ein særklasse både i offentleg og privat sektor. Det er det beste resultatet vi nokon gong har målt for ei offentleg verksemd i denne målinga, seier prosjektleiar og ansvarleg for målinga Ådne Hindenes i Kantar TNS.

Med sine 88 poeng er det 19 poeng ned til neste på lista: Lånekassen. Universitet i Bergen og Oslo kjem på dei neste plassane med høvesvis 68 og 66 poeng.

For første gong er universitet tatt med i målinga.

3.623 personar vart intervjua i april og mai. Føremålet med undersøkinga er å kartleggje omdømme og gi verksemder tilbakemelding på kva område som bør jobbast med.

(©NPK)

NTNU-rektor Gunnar Bovim kan smile for gode tal i Kantars omdømmeundersøking. Her med minister for høgare utdanning og forsking Iselin Nybø (V) under NTNUs nettverkskonferanse i april. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix