NVE avslutta vasstilførselen til Veslemannen

På grunn av reduserte bevegelsar avslutta NVE vasstilførselen til Veslemannen tysdag kveld. Det er framleis raudt farenivå. 

- Informasjon om dette blir gitt i rapport og pressebrifing klokka 9 onsdag 18. oktober, opplyste NVE klokka 22.36 tysdag kveld.

Veslemannen har bevegd seg meir den siste veka enn i heile 2016. Tysdag minka farten, og NVEs vasstilførsel gjorde ikkje anna enn å sikre den.

Det ustabile fjellpartiet har i det siste hatt ein fart oppe i nærmare 35 centimeter i døgnet i øvre del og 2 centimeter i døgnet i nedre delar, men farten har minka som følgje av kaldare vêr.

I ein rapport frå NVE tysdag kveld opplyste dei at sjølv om det har vore minusgrader oppe på Mannen, og snøvêr som gjer at det ikkje kjem naturleg vasstilførsel ned i fjellet, hadde likevel bevegelsane halde seg på 15 centimeter.

Også i den nedre delen, som er nøkkelen for å halde fjellet på plass, er det bevegelse på drygt ein centimeter.

Farenivået for Veslemannen vart heva til raudt søndag 15. oktober, og NVE held oppe det farenivået.

(©NPK)

NVE har ein stor og to mindre vasstankar på toppen av Mannen.
Foto: Cornelius Poppe/ NTB scanpix