Annonse

NVE råd Søviknes til å seia nei til flaumkraftverk i Odda

NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gi Sunnhordland Kraftlag konsesjon til å byggja Opo kraftverk med flaumtunnel i Odda i Hordaland.

Annonse

Opovassdraget er i utgangspunktet eit verna vassdrag, men Stortinget har opna for konsesjonsbehandling av kraftprosjektet i Odda. Etter planen skal flaumkraftverket gje flaumsikring av Sandvin og Odda, i tillegg til produksjon av inntil 170 gigawattimar kraft i året.

Noregs vassdrags- og energidirektorat meiner dette ikkje er nok til å vega opp for dei forventa ulempene med prosjektet.

- Utbygginga vil gje vesentleg kraftproduksjon og auka flaumsikring for eit avgrensa tal på bygningar ved Sandvin. NVE har alt sikra Opo gjennom Odda til same nivå som dei andre sikringstiltaka til NVE. For Odda by vil utbygginga gje auka flaumsikring berre ved sjeldne flaumar. NVE meiner fordelane ikkje vil vega opp for dei venta negative effektane, skriv direktoratet i ei pressemelding.

- NVE meiner at bygging av flaumkraftverket vil få vesentlege negative konsekvensar for opplevinga av landskapet langs Opo-vassdraget i Odda, som gjev ringverknader for mellom anna rekreasjon og fiske. Ei utbygging vil vera negativ for fisk i Opo, særleg moglegheita for å reetablera storlaksbestanden, skriv dei vidare.

Naturvernforbundet er nøgd med konklusjonen til NVE.

- Dette er ein gledesdag for Opovassdraget, for Odda og for alle lokale heltar som har stått på i Odda, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

- No ligg denne saka på bordet til olje- og energiminister Terje Søviknes. Vi ventar at han lyttar til NVE og til alle dei som står på for å ta vare på Opo for framtida, seier ho vidare.

(©NPK)

Storflaum i elva Opo i Odda i 2014. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix.