Annonse

NVE varslar raudt farenivå for Veslemannen

Det har den siste tida vore store bevegelsar i Veslemannen i Møre og Romsdal. No hever NVE farenivået til raudt.

Annonse

- Det har så langt i dag komme berre 8,2 millimeter nedbør, og sjølv med relativt lite nedbør er rørslene omtrent tredobla. På bakgrunn av varsel om kraftig regn frå i kveld og i natt hevar NVE farenivået til raudt (ekstremt) farenivå, seier geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala, i ei pressemelding.

Veslemannen er eit relativt lite, men svært aktivt parti av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Fjellpartiet reagerer hurtig med auke i rørsle ved mykje nedbør og snøsmelting.

Fjellet beveger seg no 60-100 millimeter per døgn i den øvre delen av partiet.

Hevinga av farenivået er den andre på få timar. Fredag morgon heva NVE farenivået frå gult til oransje.

(©NPK)

NVE heva farenivået for Veslemannen fredag ettermiddag.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix