Annonse

Ny generalsekretær i Turistforeningen

Dag Terje Klarp Solvang går frå jobben som organisasjonsleiar i Høgre til stillinga som ny generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT).

Dag Terje Klarp Solvang går frå jobben som organisasjonsleiar i Høgre til stillinga som ny generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT).

Solvang har vore organisasjons-, marknads- og kampanjesjef i Høgre sidan 2014. Om den nye stillinga seier han at det må vere ein av Noregs mest spennande jobbar.

- Å vidareutvikle organisasjonen og samtidig ta vare på friluftstradisjonen i fjellet, skogen, langs kysten og nær der folk bur, er ei svært motiverande oppgåve, seier Solvang.

Han overtar etter Nils Øveraas som sluttar i åremålsstillinga etter fem år i DNT.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix