Ny nettavis på trappene i Trondheim

Nettavisa Trondheimsnytt vil sjå dagens lys i 2017. Personane bak kallar avislanseringa eit demokratiprosjekt.

Bak avisprosjektet i Trondheim står Eirik Dalseg og Tore Østby, som var med å starte nettavisene Rørosnytt og Malviknytt.

- Trondheimsnytt er eit demokratiprosjekt. Vi vil at all informasjon skal vere tilgjengeleg for alle, gratis og utan kompliserte påloggingsprosedyrar. Vi ønskjer å fortelje heile historia, seier dei to.

Avisa søkjer no etter redaktør og journalistar. Oppstart blir i 2017.

(©NPK)