Ny teknologi gjer at Tour-fansen kan følgje ryttarane endå tettare

(NPK-NTB-AFP): Med ny GPS-teknologi kan sykkelfansen følgje alle ryttarar frå start til mål på kvar einaste Tour de France-etappe.

Alle dei 198 ryttarane vil ha på seg ein GPS-sendar. Informasjonen blir så analysert av ein plattform utvikla av Dimension Data, som også sponsar laget til Edvald Boasson Hagen, før dataa blir lasta opp slik at fansen, media og kommentatorane kan få sjå dei.

På denne måten kan ein utover å finne ut kvar ryttarane er i løypa, også følgje med på kva fart dei held og avstanden ned eller opp til andre grupper.

På nettsidene til Dimension Data kan ein til og med sjå kva slags vêr ryttarane opplever og kva slags stiging dei er inne i.

– Alt vi har planlagt for å hjelpe det største sykkelrittet i verda i år, har vi gjort for å hjelpe arrangøren (ASO) med å fortelje ei omfattande historie om sykling som ein spennande fagleg sport, seier administrerande direktør Adam Foster i Dimension Data i ei pressemelding.

– Og ettersom vi er dataekspertar, brukar vi nettopp det til å gjere det, legg han til. (©NPK)