Nye lagkameratar for Diomande

(NPK-NTB): Premier League-klubben Hull forsterka tysdag spelarstallen med Tottenhams Ryan Mason og veterankeeperen David Marshall.

Midtbanespelar Mason har vore lånt ut til ei lang rekkje klubbar sidan han blei henta opp i Tottenham a-stall i 2008. No er tida på White Hart Lane over.

Hull stadfestar sjølv på Twitter at Mason er klubbens dyraste spelarkjøp nokon gong. Storleiken på overgangssummen har klubbane valt å halde hemmeleg, men ifølgje Sky Sports skal det dreie seg om rundt 140 millionar kroner.

31 år gamle David Marshall kjem frå Cardiff. Det er heller ikkje kjent kva Hull har betalt for Ole Gunnar Solskjærs tidlegare elev. Marshall har signert ein treårskontrakt med klubben til norske Adama Diomandé.

Hull har slite med tynn stall i innleiinga på årets Premier League-sesong. Likevel står klubben med seks poeng etter tre serierundar. (©NPK)