Nye tennisreglar blir prøvt ut i november

Tennissetta skal bli kortare. Det er éin av fleire nye reglar som skal bli prøvt ut i Next Generation-turneringa i Milano i november.

Tennissporten har lenge tviheldt på sine tradisjonar, men no skal nye reglar bli prøvt ut i eit håp om å fornye sporten. Ved Next Generation-turneringa i Milano vil det bli prøvt ut fleire nye reglar, mellom anna at ein spelar til fire games, i staden for seks eller sju som i dag. Ved stillinga 3-3 blir settet avgjort i tie-break.

Det skal og bli prøvt ut at det skal bli spelt ein avgjerande ball ved stillinga 40-40, der mottakaren vel side, i tillegg til at det aldri skal gå meir ein 25 sekund frå ein ball er avslutta til neste er starta opp att.

Eit anna forslag som skal prøvast ut i Milano er at spelet held fram dersom ein serve treff nettet. Dette vil ifølgje dei som stiller forslaget gi spelet større uføreseielegheit.

Siktar mot yngre publikum

Reglane vil gjere spelet raskare og meir TV-vennleg i eit forsøk på å trekke til seg yngre fans, samtidig som spelet held på tilhengjarane som allereie følgjer sporten.

Av andre reglar som skal bli testa ut er:

  • Spelarane kan nytte ein medisinsk timeout for å få tilsyn av lege.
  • Spelarar og trenarar får på bestemte tidspunkt moglegheit til å kommunisere. Trenarane vil ikkje få tilgang til sjølve banen, slik dei har moglegheit til i WTA-turneringar til kvinnene.
  • Oppvarminga blir redusert slik at kampen startar nøyaktig fem minutt etter at siste spelar har komne på banen.

Murray-ros

Forslaga blir hylla av fleire TV-selskap som har rettar til å vise tennis, og får også støtte av tennisprofilen Andy Murray, nummer éin på verdsrankinga.

- Det fungerer godt i tennis no, men det betyr ikkje at det vil vere tilfellet i framtida. Eg trur det er viktig å prøve ut nye format og ulike poengsystem for å sjå om det verkar, seier Murray til Reuters.

- Dette handlar ikkje berre om tennisspelarar i neste generasjon, men også om neste generasjon med fans. Vi starta turneringa for å sjå om ein kan implementere nye element i sporten på eit høgt nivå. Vi vil vere heilt sikre på endringane før dei eventuelt blir overført til den vanlege ATP-touren i framtida, seier sjefen for ATP-touren, Chris Kermode.

(©NPK)

Noregs Casper Ruud kan i framtida spele under eit noko anna regelverk enn kva som er tilfelle i dag. Nye reglar skal i november bli prøvt ut i Milano. Foto: Carina Johansen / NTB scanpix