Publisert: 18.03.2024 kl 19:14
Ein mann i 30-åra med kniv vart tatt av politiet etter å ha skremt mindreårige jenter i Volda. Alarmen gjekk då han fulgte etter jentene.
Publisert: 18.03.2024 kl 20:00
Hornindal musikkorps med drill og musikantar kom vandrande inn i Honndalshallen søndag ettermiddag. Dette gjorde dei til fengjande sambarytmar. Det var tid for basar og konsert.
Publisert: 18.03.2024 kl 17:45 - Oppdatert: 18.03.2024 kl 17:47
E39 Voldatunnelen er blant vegprosjekta som regjeringa vil prioritere når dei legg fram Nasjonal Transportplan for perioden 2025-2036.
Publisert: 18.03.2024 kl 16:00
Fire gonger i året arrangerer Hornindal Frivilligsentral, bygdekvinnelaget og sanitetslaget i bygda aktivitetsdag for flyktningar og fleirkulturelle familiar. Laurdag var det påskeverkstad. 35 personar deltok.
Publisert: 18.03.2024 kl 13:00
Ein norsk studie slår fast at såkalla lang covid ikkje gir varige skadar i hjernen. Unge menneske med seinskadar frå covid-19 gjorde det like bra på testar som andre.
Publisert: 01.02.2024 kl 15:00 - Oppdatert: 06.02.2024 kl 22:37
Nytt digitalt kryssord på Mre.no kvar tysdag og fredag. Bruk symbola under kryssordet for START PÅ NYTT, SJEKK og LAGRE.
Publisert: 18.03.2024 kl 11:20
Volda kommune melder om utfordringar med vassforsyninga frå Fyrde vassverk.
Publisert: 18.03.2024 kl 11:00
KFUM Volda Volleyball sitt damelag har rykka ned frå elitedivisjonen i Mizunoligaen til 1. divisjon. Dette skjedde med mist mogleg margin. Kampen i VCA laurdag var ikkje avgjerande der dei vann 3-0 over ØKSIL. Nedrykket hadde skjedd dagen før. No vil dei jobba for å kome tilbake til ...
Publisert: 18.03.2024 kl 09:45 - Oppdatert: 18.03.2024 kl 10:01
Khrono melder om brot i samarbeidet mellom høgskuledirektøren og fagforeiningane ved Høgskulen i Volda. Høgskulestyret skal no verte orientert om to varslingssaker mot direktøren.
Publisert: 18.03.2024 kl 10:23
Brunvoll har igjen blitt valt som leverandør av propulsjon og manøvreringssystem til et av ESVAGTs
nye service operasjons fartøy. I dag har ESVAGT fire skip under bygging med Brunvoll som
systemleverandør. Dette fartøyet er designa av HAV Design og vil bli bygt hos Cemre Shipyard.
Publisert: 18.03.2024 kl 07:00
Den norske kyrkja hadde i 2023 nesten 25.000 færre medlemmer enn året før. Talet på døypte, konfirmerte og gravlagde i Kyrkja fall òg.
Publisert: 17.03.2024 kl 20:00
Frå 1. januar i år vart det innført moms og toll på alle varer frå utlandet. Mange forbrukarar er forvirra over det nye regelverket.
Publisert: 21.07.2023 kl 14:35 - Oppdatert: 11.10.2023 kl 13:18
Her kan du søkje i dødsannonser som har stått på trykk i Møre frå og med 2016. I tillegg er det lagt inn ein del dødsannonser frå tidsromet 2012 til 2015.
Publisert: 17.03.2024 kl 18:00
Det vert no bora etter to nye brønnar i Høydalen. Det kjem nytt Høgdebasseng og kanal til vassverket tilknytt boringa. Dei nye brønnane skal gi vatn til dei som bur nedanfor.
Publisert: 17.03.2024 kl 14:00
Kommunedirektøren i Ørsta stadfestar at kommuneoverlegen ikkje hadde vore spurt om si faglege vurdering av Helseplattformen når ho sende si kraftige åtvaring mot innføringa. Men no skal ho inn. – Kommuneoverlegen har ein heilt sjølvsagt plass i vår saksutgreiing.
Publisert: 17.03.2024 kl 13:00
I eit internt skriv til alle kommunetilsette i Volda, kjem kommunedirektøren med kritikk mot kommuneoverlegane i Ørsta og Sande, som begge har åtvara mot innføringa av Helseplattformen.
Publisert: 17.03.2024 kl 11:00
Sæbø DS Dampskipsekspedisjon vart nyleg tildelt Godt vern-prisen under årsmøtet for Fortidsminneforeininga, Sunnmøre lokallag, i Ålesund.
Publisert: 17.03.2024 kl 08:50
Volda og Ørsta: Natt til søndag måtte politiet ordne opp fleire forhold knytt til ro og orden.
Publisert: 17.03.2024 kl 07:00
Volda Taxisentral har fått 110.000 kroner i støtte frå kraftfondet i Volda kommune. Pengane skal nyttast til å styrke kapasiteten for lading av elbilar.
Publisert: 16.03.2024 kl 20:00
– Stemmer påstanden frå statssekretæren om at det vil koste nærare ti milliardar kroner å «skrote» helseplattforma? spurde Sylvi Listhaug (FrP) i Stortinget sin spørjetime.
Publisert: 16.03.2024 kl 18:00
Volda formannskap var samd med kommuneadministrasjonen i at tilsendt planframlegg ikkje var slik ein såg føre seg, og bad utbyggjarane gå ei runde til.
Publisert: 16.03.2024 kl 16:00
Volda formannskap vedtok tysdag at det vert gjeve stønad frå kraftfondet til ei rekkje verksemder i kommunen.
Publisert: 16.03.2024 kl 13:00
Forsamlingshuset Ljosheim var fullt av folk då basaren opna søndag 10. mars. Styreleiar Remy Kongsvoll er takksam for alle som kom og støtta Ljosheim ved å kjøpe lodd og mat.
Publisert: 16.03.2024 kl 11:00
Ap-leiarane i Volda og Ørsta er no styrka i trua på ei løysing for riksveg 15. Dei to har teke initiativ til ei felles fråsegn som skal opp på årsmøtet i Møre og Romsdal Arbeiderparti, med krav om at regjeringa leverer på sine lovnader.
Publisert: 16.03.2024 kl 07:00
Volda Hornmusikk, Møre og Romsdal sitt eldste korps, feira 135 år med ein vellykka konsert og kaféarrangement. Leiar Bente Engeseth takka sponsorar og hylla langvarig engasjement blant medlemmar, inkludert Oddvin Liaskar med 30 års teneste.