Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

måndag 23. januar 2017

6133 Lauvstad må vente på Møre

6133 Lauvstad må vente på  Møre

Selfies av Møre sin redaktør då han var på Ferjekaia laurdag morgon og sende Møre til 6133 Lauvstad. - Eg fekk ikkje fatt i mange nok Møre til å dekke heile Lauvstad-ruta, så nokre må vente til måndags morgon før dei får Møre, seier Tore Aarflot. Foto: Selfis av Tore Aarflot

Laurdags-Møre som skulle til 6133 Lauvstad er på avvegar.

Skrevet av:

Oppdatert:
26.11.2016 kl 12:36

- Det har vore ein hektisk laurdags morgon, og no ser det ut til at vi har nokon lunde kontroll på situasjonen med aviser på avvegar. Vi har fått samla saman Møre som er på veg til Lauvstad, der vi med hjelp frå Coop Lauvstad skal få bringe dei over til bodet som skal dele dei ut. Avisene som no er på veg er ikkje nok til alle som abonnenerer på Møre og har postnummer 6133. Dette er svært beklageleg, seier redaktør og dagleg leiar Tore Aarflot.

Abonnerer du på Møre og har ikkje fått laurdagsavisa? Les Møre her.

Feil konteinar

- Møra som er på avvegar, har mest truleg hamna i ein kontainer som skal vere framme i Hovdebygda søndag kveld. Det vi jobbar for no er å få Posten til å ta med seg Møra som Kvikkas skulle ha hatt natt til laurdag, seier Aarflot.

Nye bud

- Når det gjeld situasjonen med laurdagsomberinga så er det sterkt beklageleg at den ikkje er skikkeleg i gjenge enno. Det vi veit er at det er gjort endringar på oppdelinga på rutene, slik at dei har blitt kortare og raskare å bringe ut. I tillegg har buda blitt meir kjende i området. Dei som har ansvar for omdelinga, Kvikkas med Nordpost som underleverandør, har fått fatt i godt lokalkjende bud for å dekke opp utvidinga i tal ruter, seier Aarflot.

Siste nytt i Nyhende

Kommunen byrjar utgreiing

Storbarnehage i sentrum?

Kommunen byrjar utgreiing

Volda kommune byrjar ei utgreiing om barnehagedrifta i sentrum, og vil vurdere å bygge ein ny barnehage som kan samle dei kommunale barnehagane. Målsetjinga er å ha utgreiinga ferdig til sommaren.

Lånekassa i Ørsta berga

Lånekassa i Ørsta berga

Over tjue statlege arbeidsplassar ved Lånekassen i Ørsta er berga.

Låg vekst i trafikktala

Eiksundsambandet og Kvivsvegen:

Låg vekst i trafikktala

Trafikken gjennom Eiksundsambandet og på Kvivsvegen vekst framleis, men i mindre grad enn tidlegare år.

 
Brannutrykking i Volda

Brannutrykking i Volda

Søndag like før kl. 19 rykte Volda brann og redning ut.

Pretre AS satsar i Volda

Pretre AS satsar i Volda

Pretre AS opna avdelingskontor i Volda i fjor haust, og går inn i det nye året med to nytilsette.

Trekker krav om geoteknisk undersøking i K10-feltet

Volda kommune:

Trekker krav om geoteknisk undersøking i K10-feltet

Volda kommune har sendt ut brev til tomteeigarane i K10-feltet med krav om utføring av geoteknisk kontroll, men etter innspel har kommunen gjort ei ny vurdering og valt å trekkje kravet.

 
Trafikkulukke i Hovdebygda

Mistanke om ruskøyring:

Trafikkulukke i Hovdebygda

Politiet melde søndag morgon om ei trafikkulukke i Hovdebygda.

Krangel og slagsmål

Krangel og slagsmål

Politiet melder om fleire tilløp til krangel og slåsting natt til søndag

Vikebygda skule fekk bokgåve

Vikebygda skule fekk bokgåve

Fredag fekk 4.-klasse ved Vikebygda skule besøk av to representantar frå Volda Mållag. Dei hadde med seg ei flott bokgåve til skulen.

 
Vil ruste opp leikeplassen

Folkestad skule:

Vil ruste opp leikeplassen

Folkestad skule har inngått samarbeid med lokale idretts- og grendalag for å utvikle eksisterande leikeplassområde ved skulen.

Ungdomar i Ørsta brukar nett som ein «møtestad»

Ungdomar i Ørsta brukar nett som ein «møtestad»

Tal frå ungdata-undersøkinga som vart gjort på Ørsta ungdomsskule og hjå vidaregåande elevar frå Ørsta, viser at ungdomen brukar mykje tid på nettet på kvelden.

Vil halde oppe akuttkirurgien i Volda

Styremøte i Helse Møre og Romsdal HF:

Vil halde oppe akuttkirurgien i Volda

I forslag til vedtak i komande styremøte er det rådd til at Helse Møre og Romsdal HF skal halde oppe eit akuttkirurgisk tilbod ved Volda sjukehus.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!