Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

måndag 5. desember 2016

Ber spøkelse i Volda om å bruke refleks

Ber spøkelse i Volda om å bruke refleks

 

Måndag 31. oktober er det Halloween, noko som lokkar fram mange mørke skikkelsar langs vegane. Ikkje berre skremmer dei naboen, men også mange bilister får seg ein støkk.

Skrevet av:

- I mørke kostymer og utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på borna, sjølv med gatebelysning, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige i ei pressemelding.

Dei fem siste åra er det meldt om nærare 100 påkøyrslar av fotgjengarar i Møre og Romsdal. 35 prosent av alle fotgjengarulukker hender i mørket. Berre om lag fem prosent av dei som vert skadd brukar refleks.

Kvart år dør i snitt mellom 10 og 20 fotgjengarar i trafikken i Noreg. Rundt 100 fotgjengarar vert alvorleg skadd, medan ca. 450 vert lettere skadd.

Risikoen for å verte påkøyrd i mørket vert redusert med heile 85 prosent ved bruk av refleks.

- Kle borna med refleks eller sy inn refleks i kostyma. Med litt kreativitet kan det verte kule effektar som gjer det moro for borna å bruke refleks, seier Voll.

Sjølv om barnet ser bilen, er det ikkje sikkert «bilen ser barnet». Han oppmodar difor alle som får Halloween-gjestar på døra til å ta ansvar for at borna synar i trafikken.

- Mange har refleks liggande i skuffer og skap til inga nytte. Har du ein til overs, gje den saman med godteriet og sørg for at borna trygt kan ha det morosamt på Halloween, seier Voll.

Han oppmodar samstundes små og store til å droppe klovnemasker som kan opplevast som skremmande denne dagen.

Siste nytt i Nyhende

- Mot rikare mål

Lanserer slagord for nye Volda-Hornindal kommune:

- Mot rikare mål

Under handsaminga av sak om grunnleggjande verdiar for Volda kommune, kom Erlend Krumsvik (KrF) med framlegg om kommuneslagord for nye Volda-Hornindal kommune.

Vil byggje fleire studentbustader

Vil byggje fleire studentbustader

Studentsamskipnaden for Sunnmøre vil leggje til rette for fleire studentbustader på Heltne.

- Julebutikken har fått ei fantastisk mottaking

- Julebutikken har fått ei fantastisk mottaking

12. november opna det ein julebutikk med lokalprodusert handverk på Spinneriet. Denne blir open til fram mot jul. Mottakinga har vore god.

 
Forstår ikkje logikken

Forstår ikkje logikken

Noverande og tidlegare bebuarar ved Volda Statlige Mottak stiller spørsmål ved kva vurderingar som ligg til grunn når mottaket i Volda vert lagt ned. Sjølv meiner dei dette er blant dei beste mottaka i landet.

Opnar advokatkontor i Volda

Advokatfirmaet Engelsen DA:

Opnar advokatkontor i Volda

Dei tilsette ved Advokatfirmaet Engelsen DA vil bytte på å vere til stades ved kontoret i Volda kvar fredag. På sikt har dei håp om å kunne utvide tilbodet.

Klypa lanserer eigen emoji

Klypa lanserer eigen emoji

No satsar mannen bak Klypa, Thomas N. Ryste, på å verte den fyrste komikar i landet med eigen emoji-app, nemleg «Kjellemoji».

 
Stort hol under asfalten

På E39 ved ferjekaia

Stort hol under asfalten

Fredag vart det oppdaga at vegbana på E39 ved ferjekaia i Volda gav etter.

Arill Riise får høgthengande utmerking

Arill Riise får høgthengande utmerking

Kringkastingsprisen for 2016 går til Arill Riise frå Sæbø i Ørsta.

Lei av villparkering

Lei av villparkering

Volda kommune ber no foreldre som hentar og bringar barna sine til Sollia og Oppigarden barnehagar om å tenkje på korleis dei parkerer.

 
Brann ved Liadal

Brann ved Liadal

Kl. 17.15 torsdag melde 110-sentralen om ein bilbrann på Liadal.

- Krev forbetringar ved Hovden skule

Foreldre og born i Hovdebygda:

- Krev forbetringar ved Hovden skule

350 personar møtte opp ved Hovden skule tysdag 29. november for å vise politikarane at no er det Hovden skule som står for tur. Borna hadde plakatar med slagord og ropte taktfast då ordførar Stein Aam kom til skulen.

Mork grendalag vil slå saman Mork- og Hovden skule

- Kva med å byggje ein ny skule på Langemyra?

Mork grendalag vil slå saman Mork- og Hovden skule

Mork Grendalag har kom med eit spørsmål til Ørsta kommune om skulen i Hovdebygda. - Kva med å slå saman Morsk skule og Hovdebygda skule?

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!