Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

måndag 16. januar 2017

Annonse

Spent på møtet med Urd og Vassendgutane

Spent på møtet med Urd og Vassendgutane

Henning Antonsen var spent både på møte med ekstremveret Urd og Vassendgutane Foto: Tore Aarflot

Den nye steelgitaristen i Vassendgutane fekk ein humpete veg til den første spelejobben han hadde saman med bandet på Parken Hotell i Ålesund. For før han fekk møte dei nye spelekompanjongane sine måtte han møte ekstremveret Urd.

Skrevet av:

Oppdatert:
27.12.2016 kl 11:17

Annonse

Andre juledag sette han seg på flyet som gjekk frå Gardermoen til Ålesund lufthamn på Vigra. Ikkje så veldig høg i hatten. Berre nokre minutt ut i flyturen møtte flyet den første urolige luftlomma, og det vart ein del risting i flykroppen. Såpass at Henning Antonsen syntest det vart nok at kaffikoppen hans vart fylt halvt opp, ja, for traff ein på eit slikt ujamnt underlag seinare på turen, så ville kaffien hamne utover buksa. - Og eg har ikkje med meg fleire bukseskift, fortalde han til Møre.

Heldig
Trass i at Henning var mest uroa for kva som venta han og resten av passasjerane då flyet skulle lande i Ålesund, gledde han seg storleg til den første spelejobben saman med det populære Ørsta-bandet på Parken hotell.
- Då eg fekk spørsmålet på Seljor Countryfestival om å bli med i bandet, kunne eg ikkje seie noko anna enn ja. Om eg hadde sagt nei, hadde eg angra resten av livet. For det blir ei glede å spele saman med dei dyktige Vassendgutane og det kjekke publikummet deira, fortalde Henning som til dagleg er rekneskapsførar. I same andedrag som han avslutta svaret skaut han inn eit spørsmål om kva ver som venta på flyplassen i Ålesund.

Vore på mange hoppsaturar
Han har fartstid både saman med Ottar Big Hand, Arne Benoni, Anne Nørsti og Ole Ingemars. Spelinga har gjort at Henning har reist ein del rundt med ulike framkomstmiddel og ulik komfort.
- Reisa i dag trur eg vert den mest hompete av dei alle, sa han før piloten sette nasa nedover skylaga til lufthamna ute i havgapet ved Ålesund.

Henning hadde klar posen om krumspringa skulle få magen til å vrenge seg. Og det vart stille i flyet etterkvart som flyet nærma seg ekstremveret ved kysten. Men piloten var dyktig og gav gass på dei rette stadane når vindkasta vart kraftige. Dermed kunne både Henning og resten av passasjerane puste letta ut då flyet stod på bakken. Ikkje heilt uten at det hadde rista ein del, men likevel til ståande karakter for piloten
.
- Det kunne ha vore verre, sa Henning kjekk på veg ned flytrappa og den ventande skyssen inn til Parken hotell der resten av Vassendgutane hadde rigga seg til klar for fest og show.

Og om vergudane vil det så set Henning seg på flyet att tysdag og reiser heim til Hamartraktene. - Eg må vere heime til kl. tjue minutt på sju, for då må eg sette meg i bilen for å nå ein spelejobb på Harpefoss.

Siste nytt i Nyhende

God felling av hjort i Volda

God felling av hjort i Volda

I 2016 vart det felt 458 hjort i Volda. Dette er ein oppgang på heile 82 dyr frå 2015.

Rår til fortsett fritak for Studentsamskipnaden

Eigedomskatt:

Rår til fortsett fritak for Studentsamskipnaden

Formannskapet har sendt si tilråding om kven som får fritak for eigedomskatt til Kommunestyret, og atter ein gong vart fritak for Studentsamskipnaden eit diskusjonstema.

Vegen gjennom Ørsta sentrum open att

Vegen gjennom Ørsta sentrum open att

Etter at to bilar kolliderte i Ørsta sentrum måndag morgon, og E39 vart delvis stengt, melder politiet om at vegen er open att.

 
Vil ha tips om ulovlege byggjetiltak

Volda kommune:

Vil ha tips om ulovlege byggjetiltak

10. Forvaltningsstyret i Volda kommune vedtok 10. januar strategi for tilsyn og oppfølging av ulovlege byggjetiltak i 2017.

Vegvesenet erstattar venterommet med leskur

Folkestad ferjekai:

Vegvesenet erstattar venterommet med leskur

Statens vegvesen vil setje opp leskur som tilbod til dei ventande ved Folkestad ferjekai etter at kiosken vert riven. - Kommunen har uttrykt forventningar om at det vert same standard på Folkestad som det er planlagt på ferjekaia i Volda, med venterom og toalett, seier ordførar Jørgen Amdam.

Byrjar arbeidet med nytt namn på kommunen

Volda-Hornindal:

Byrjar arbeidet med nytt namn på kommunen

Den mellombelse fellesnemnda til Volda-Hornindal skal setje saman ein komite som skal arbeide med å finne namn og kommunevåpen til den nye kommunen.

 
Gruppetilbod for born med to heimar

Gruppetilbod for born med to heimar

- Kjære mamma og pappa. Dersom de skal skilje dykk, så ikkje snakk stygt om kvarandre og førebu meg på kva som skal skje.

Pudderalarm

Pudderalarm

Etter stort snøfall melder driftsleiar ved Volda Skisenter om pudderalarm.

Forseinka utdeling av aviser

Kvikkas melder at dei er forseinka med utleveringa av Møre og andre aviser. Dei fortel at det er det store snøfallet som er grunnen. Kathrine hos Kvikkas seier ho ventar at alle skal få avisa i løpet av kvelden.

 
Innbrot natt til laurdag

Innbrot natt til laurdag

To personar er tatt etter fleire innbrot natt til laurdag.

Kollisjon i Barstadvika

Kollisjon i Barstadvika

Laurdag melde politiet om ein kollisjon i Barstadvika.

Mediebygget kan få namnet «Sivert»

Mediebygget kan få namnet «Sivert»

Folkeopplysningsmannen Sivert Aarflot kan verte heidra med sitt eige bygg hos Høgskulen i Volda.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!