Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

torsdag 19. januar 2017

Annonse

Tom Roger Aadland gjestar Fyrlykta kulturhus i Dalsfjord laurdag

Øver til "Blondt i Blondt"

Øver til

Det lokale "backing"-bandet øver til konserten laurdag. På fotoet ser vi fv.: Stian Grønbech, Kurt Gjøsdal, Per Olav Hånes og Stein-Jarle Løvik.

Det vert familiekonsert i Fyrlykta kulturhus laurdag. Dei lokale arrangørane seier dei er stolte over å kunne invitere til konsert med radioyndlingen Tom Roger Aadland. Og dei er stole over å ha lokalt «backingband» til musikkjendisen.

Skrevet av:

Annonse

Aadland er kjent for radiolåtar som «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Albumet «Blod på spora» (Dylan på nynorsk) i 2009 var ein stor suksess, og opningslåten «Vikla inn i blått» («Tangled Up in Blue») vart kåra til ein av tidenes beste norske coverlåter av TIDAL. No har Aadland på ny vendt blikket mot populærmusikkens viktigaste låtskrivar; Bob Dylan - som fylte 75 år i år. Og laurdag vender Aadland blikket mot Dalsfjord i Volda for å gi deg "Blondt i Blondt".

Vert «backa» av lokale musikarar

Dalsfjorden er kjent for sitt rike musikkmiljø, særleg innan sjangeren folk, americana og bluegras. På Fyrlykta kulturhus vil Aadland entre scena saman med eit lokalt backingband samansett av Per Olav Frøysa Hånes, Stein Jarle Løvik, Kurt Gjøsdal, Stian Grønbech og Guro Grønbech. Dalsfjordingane Kjersti Aksnes og Maiken Gjøsdal spelar oppvarming. Dei er talentfulle musikklineelevar frå musikk, dans og drama ved Volda vidaregåande skule.

Musikk og mat

For å gjere opplevinga laurdag så god som råd, opnar Fyrlykta kafé ein time før konsertstart. Her vert det sal av mellom anna steinomnsbakt fjordpizza, og mykje anna godt. Kafeen er eit tilbod både konsertgåarar og andre kan nytte seg av. Arrangørane ønskjer unge og gamle, lokale og regionale hjarteleg velkomne til eit musikalsk høgdepunkt i den vakre Dalsfjorden.

Siste nytt i Nyhende

Vekst for polet i 2016

Vekst for polet i 2016

Vinmonopolet sitt sal auka med ein prosent på landsbasis i 2016. Også her lokalt vart det vekst.

Tilsyn fann ulovleg bruk av tvang

Volda omsorgssenter:

Tilsyn fann ulovleg bruk av tvang

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har funne fleire tilfelle med bruk av ulovleg tvang under tilsyn ved Volda omsorgssenter. Kommunen har sett i verk tiltak for å hindre at liknande tilfelle skjer i framtida.

Vil ha rasteplass ved gamle Rjåneset ferjekai

Vil ha rasteplass ved gamle Rjåneset ferjekai

Ørsta kommune har vore i møte med Statens vegvesen om plassering av rasteplassar langs E39 i Ørsta kommune. No kjem dei med sine innspel.

 
Ost frå Ørsta til Berlin

Ost frå Ørsta til Berlin

Fredag 20. januar opnar Grüne Woche, ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv, i Berlin. Fleire ostar frå Ørsta skal representere Noreg på messa.

Vann NM for regionlag

Vann NM for regionlag

Volda var godt representert under NM for regionlag i helga. KFUM Volda hadde med heile åtte spelarar på vinnarlaget for gutar U16, og sju på laget som kom på ein sterk fjerdeplass i J16-klassa.

- Vi måtte vere sikre

Ørstaordførar Stein Aam om utbygging av Ørstaterminalen:

- Vi måtte vere sikre

Volda og Ørsta Skogeigarlag stiller seg kritiske til framdrifta av Tømmerterminalen på Rystelandet, og synest det går for sakte. Ørstaordførar Stein Aam seier at kommunen ikkje kunne ta sjansar og byggje på usikker grunn.

 
Hjelper tilflyttarar frå A til B

Hjelper tilflyttarar frå A til B

A2B har etablert seg i Volda, og har som mål å hjelpe utanlandske tilflyttarar ut i arbeidslivet. Senteret driv med undervisning i arbeidsliv, norsk og samfunnsfag.

Tvungen kommunal renovasjon for fritidseigedomar

Volda og Ørsta innfører:

Tvungen kommunal renovasjon for fritidseigedomar

Volda og Ørsta kommune innførte i 2016 tvungen kommunal renovasjon for fritidseigedomar. Dette gjeld alle feriehus og hytter utan fast busetnad med innlagt straum, og i ein avstand til offentleg veg på mindre enn 1000 meter.

God felling av hjort i Volda

God felling av hjort i Volda

I 2016 vart det felt 458 hjort i Volda. Dette er ein oppgang på heile 82 dyr frå 2015.

 
Rår til fortsett fritak for Studentsamskipnaden

Eigedomskatt:

Rår til fortsett fritak for Studentsamskipnaden

Formannskapet har sendt si tilråding om kven som får fritak for eigedomskatt til Kommunestyret, og atter ein gong vart fritak for Studentsamskipnaden eit diskusjonstema.

Vegen gjennom Ørsta sentrum open att

Vegen gjennom Ørsta sentrum open att

Etter at to bilar kolliderte i Ørsta sentrum måndag morgon, og E39 vart delvis stengt, melder politiet om at vegen er open att.

Vil ha tips om ulovlege byggjetiltak

Volda kommune:

Vil ha tips om ulovlege byggjetiltak

10. Forvaltningsstyret i Volda kommune vedtok 10. januar strategi for tilsyn og oppfølging av ulovlege byggjetiltak i 2017.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!