Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

onsdag 22. februar 2017

Politiet åtvarar mot urein GHB

Politiet åtvarar mot urein GHB

 

Politiet i Ålesund har sidan måndag registrert minst fem tilfelle av det som ein antek å vere overdose av stoffet GHB. Ein mann som politiet trur har brukt stoffet, vart natt til onsdag funnen død i heimen sin. To andre ligg no til behandling på sjukehus.

Skrevet av:

- Med bakgrunn i undersøkingar vi har gjort, meiner vi å kunne slå fast at det er urein GHB i omløp i Ålesunds-området. Dette inneber at det er forbundet med stor fare å innta stoffet. Vi vil på det sterkaste åtvare mot bruk av det stoffet som no ser ut til å vere relativt lett tilgjengelig i byen, seier politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Livsfarleg stoff

Etterforskarar frå Ålesund politistasjon jobbar no med å finne kjelda for det stoffet som er i omløp. Med det høge talet overdosar som ein har hatt i løpet av få dagar, ser politiet det som særs viktig å tette denne kjelda. Politiet har inntrykk av at bruk av GHB har auka den siste tida her i distriktet.

- Sjølv om vi no har mest fokus på det vi mener er ureint stoff som er i omløp, er det grunn til å åtvare sterkt mot bruk av GHB generelt. Det er vanskeleg å dosere, og overdoser kan lett gi fatalt utfall, seier politiadvokat Häber.

Siste nytt i Nyhende

Voldingar gjekk fem mil i Tsjekkia

Voldingar gjekk fem mil i Tsjekkia

  • Skisport

Tretten skiglade voldingar reiste førre fredag til Liberec i Tsjekkia for å gå det fem mil lange skiløpet Jizerská.

Åtvarar mot falske e-postar

Tussa:

Åtvarar mot falske e-postar

  • Svindelforsøk

Tussa har sendt ut åtvaring til alle sine kundar om at det er sendt ut ei stor mengde med falske faktura på e-post.

Volding kan bli Årets Urørt

Volding kan bli Årets Urørt

  • Musikk

Jonas Krøvel (23) frå Volda og bandet Pom poko er ein av fire nominerte band og artistar som kan bli Årets Urørt.

 
Mildvêr og regn stengde skitrekket i Hornindal

Mildvêr og regn stengde skitrekket i Hornindal

For andre gong på fem år måtte Hornindal skisenter stengje trekket i februar. Regnet gjorde snøen i bakken for mjuk til å renne på.

Pilotprosjekt på Voldsfjorden?

Pilotprosjekt på Voldsfjorden?

  • Volda

Voldsfjordkryssing AS har som mål at brukryssinga vert eit nasjonalt pilotprosjekt som kan få offentlege forskings- og utviklingsmidlar. - Målet er at dette kan bli eit pilotprosjekt, og kan danne grunnlag for framtidige fjordkryssingar, seier styreleiar Ola Krumsvik.

Laga bråk

Laga bråk

  • Politi

Seint måndag kveld måtte politiet rykke ut til husbråk.

 
Uavklart om 3. etasje på Aasen-huset

Uavklart om 3. etasje på Aasen-huset

- Volda kommune droppar planane om bygging av ein 3. etasje på Ivar Aasen-huset, skriv Høgskulen i Volda. – Ikkje avgjort, svarer rådmann Rune Sjurgard.

Stort overskot for Volda kommune

Stort overskot for Volda kommune

Volda kommune rapporterte i førre veke rekneskapstala for 2016. Etter avsetning til og bruk av fond, viser botnlina eit overskot på 22,6 millionar kroner i rekneskapen for 2016.

- Vi har grunn til å vere stolte

VTI Fotball valt som EMS-ambassadør

- Vi har grunn til å vere stolte

  • Fotball

VTI Fotball er ein av 34 klubbar i landet som er valt ut av NFF og Bama til å vere Eat Move Sleep-ambassadør i 2017. – Det er mange som ynskjer å vere ambassadør, så vi har grunn til å vere stolte, seier Solveig Storeide.

 
Styrk Arbeid skal halde skogen i sjakk

Styrk Arbeid skal halde skogen i sjakk

Styrk Arbeid har fått midlar til å rydde skog. Tysdag og onsdag fekk deltakarane opplæring i trefelling.

Får 120 nye studentbustadar

Får 120 nye studentbustadar

Seint torsdag kveld fekk styreleiar i Studentsamskipnaden i Volda, Tormod Smedsvig, beskjed om at Volda får tilskot til 120 nye studentbustadar i 2017. – Det var utruleg gøy å få denne beskjeden, dette treng vi.

Pizzasteiking førte til brannutrykking

Pizzasteiking førte til brannutrykking

Laurdag i 20.20-tida melde brannvesenet om røykutvikling frå eit hybelhus.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!