Annonse
Møre

Sunnmørsposten kjøper Vestlandsnytt

Frå venstre Lidvar Flydal i Sunnmørsposten og Fred Frantzen i Vestlandsnytt

Frå venstre Lidvar Flydal i Sunnmørsposten og Fred Frantzen i Vestlandsnytt

Lytt til teksten Stopp opplesingen

Sunnmørsposten har inngått avtale med eigar av Vestlandsnytt om overtaking av 100% av aksjane i selskapet.

Publisert:

Sist oppdatert: 28.04.2017 kl 09:36

Annonse

Vestlandsnytt er lokalavis for Herøy og Sande og kjem ut to gonger i veka i eit opplag på vel 4.400.

-Avgjerda om å overlate avisverksemda til ein annan aktør har gradvis modna. Eg nærmar meg pensjonsalder og har hatt ansvaret for drifta av Vestlandsnytt i over 40 år, seier eigar og dagleg leiar Fred Frantzen i ei pressemelding frå Polaris Media Nordvestlandet AS.

Vidare seier Frantzen at:

- Det er sjølvsagt ikkje med lett hjarte eg har kome til denne konklusjonen, det å overlate livsverket til andre, men alt har si tid. Etter lang tids vurdering av fleire alternativ, og utifrå ei totalvurdering, har eg kome til at Sunnmørsposten er det rette valet med tanke på å vidareutvikle og føre Vestlandsnytt inn i framtida. Sunnmørsposten har vist at dei kan balansere rolla som mediehuset for Nordvestlandet, og det å vere eigar av lokalaviser i den same regionen.

Eig dei fleste på Søre og i Nordfjord

Etter oppkjøpet vert Møre og Synste Møre i Vanylven einaste lokalavisene med lokalt eigarskap på Søre Sunnmøre og i nordlegaste delen av Sogn og Fjordane.

Ved kjøpet av Vestlandsnytt utvidar Sunnmørsposten og Polaris Media Nordvestlandet si rolle som eigar av lokale mediehus på Nordvestlandet. Frå før er mediehuset eigar av Sunnmøringen, Vikebladet Vestposten, Møre-Nytt, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen. Gjennom majoritetseigarskap i Skjåk Mediautvikling,

blog comments powered by Disqus