Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

måndag 5. desember 2016

Tore Aarflot om manglande laurdagsomdeling av Møre:

- Takkar for forståinga

- Takkar for forståinga

Redaktør Tore Aarflot. Foto: Liv Jorunn Nyhagen

- Sjølv om mange ikkje fekk Møre i postkassa si laurdag, viser abonnentane forståing for at det er ein ny distributør som har omdelinga, seier Tore Aarflot.

Skrevet av:

Oppdatert:
07.11.2016 kl 16:11

Møre hadde abonnementsvakt heile laurdag. Redaktør og dagleg leiar, Tore Aarflot, fortel at det vart mange telefonar ut på ettermiddagen og kvelden.
- Første dag med ny omdeling baud på utfordringar. Vi fekk mange telefonar frå abonnentar som ikkje fekk avisa. Noko av det vart ordna laurdag, andre fekk avisa under ny ombering søndag, og nokre fekk diverre ikkje aviser i det heile, seier Aarflot.

Forståing
Folk flest viste forståing over at ikkje alt gjekk som det skulle gå første omberingsdag med ny distributør. Det er Samferdsledepartementet som sa opp den gamle ordninga på laurdagar, der posten har stått for omdelinga. No er det Kvikkas som skal gjennomføre laurdagsomdelinga til områda utanfor dei tettbebygde strøka.
- At lokalavisa er like viktig, og kanskje viktigare enn både bibelen og salmeboka, fekk Møre vite i klartekst. Ein abonnent meinte lattermild at vi burde lage ei annonse med «Kveldsen er best med Møre», i og med at han ikkje fekk Møre før seint laurdag. Mange meinte at no har dei sør om Sinsenkrysset vedtatt noko dei ikkje veit konsekvensane av. Ein anna lurde på om ikkje det var ein volding som var rådgjevar i Samferdsledepartementet då den nye ordninga vart klekt ut, og lovde å ta det opp med vedkomande.

Lovar bot og betring

Måndag morgon hadde Møre telefonmøte med Kvikkas, og dei lovde å gjere alt som stod i deira makt for at alle skal få Møre, og alle andre aviser dei abonnerer på, neste laurdag.
- Vi må berre stole på at dei held ord, seier redaktøren av Møre. – Om du ikkje har fått Møre for laurdag, og ikkje lagt inn klage, så bed vi deg om å gjere det. Bruk epostadressa: abb@mre.no og skriv namnet på den som abonnementet står på og fullstendig adresse.
- Dei som har tilgang til nett kan gå inn på www.mre.no og klikke på eavis, så får dei lese laurdagsutgåva der, avsluttar Aarflot.

Les laurdagsavisa her: http://mre.no/pageflow/pc.php

Siste nytt i Nyhende

- Mot rikare mål

Lanserer slagord for nye Volda-Hornindal kommune:

- Mot rikare mål

Under handsaminga av sak om grunnleggjande verdiar for Volda kommune, kom Erlend Krumsvik (KrF) med framlegg om kommuneslagord for nye Volda-Hornindal kommune.

Vil byggje fleire studentbustader

Vil byggje fleire studentbustader

Studentsamskipnaden for Sunnmøre vil leggje til rette for fleire studentbustader på Heltne.

- Julebutikken har fått ei fantastisk mottaking

- Julebutikken har fått ei fantastisk mottaking

12. november opna det ein julebutikk med lokalprodusert handverk på Spinneriet. Denne blir open til fram mot jul. Mottakinga har vore god.

 
Forstår ikkje logikken

Forstår ikkje logikken

Noverande og tidlegare bebuarar ved Volda Statlige Mottak stiller spørsmål ved kva vurderingar som ligg til grunn når mottaket i Volda vert lagt ned. Sjølv meiner dei dette er blant dei beste mottaka i landet.

Opnar advokatkontor i Volda

Advokatfirmaet Engelsen DA:

Opnar advokatkontor i Volda

Dei tilsette ved Advokatfirmaet Engelsen DA vil bytte på å vere til stades ved kontoret i Volda kvar fredag. På sikt har dei håp om å kunne utvide tilbodet.

Klypa lanserer eigen emoji

Klypa lanserer eigen emoji

No satsar mannen bak Klypa, Thomas N. Ryste, på å verte den fyrste komikar i landet med eigen emoji-app, nemleg «Kjellemoji».

 
Stort hol under asfalten

På E39 ved ferjekaia

Stort hol under asfalten

Fredag vart det oppdaga at vegbana på E39 ved ferjekaia i Volda gav etter.

Arill Riise får høgthengande utmerking

Arill Riise får høgthengande utmerking

Kringkastingsprisen for 2016 går til Arill Riise frå Sæbø i Ørsta.

Lei av villparkering

Lei av villparkering

Volda kommune ber no foreldre som hentar og bringar barna sine til Sollia og Oppigarden barnehagar om å tenkje på korleis dei parkerer.

 
Brann ved Liadal

Brann ved Liadal

Kl. 17.15 torsdag melde 110-sentralen om ein bilbrann på Liadal.

- Krev forbetringar ved Hovden skule

Foreldre og born i Hovdebygda:

- Krev forbetringar ved Hovden skule

350 personar møtte opp ved Hovden skule tysdag 29. november for å vise politikarane at no er det Hovden skule som står for tur. Borna hadde plakatar med slagord og ropte taktfast då ordførar Stein Aam kom til skulen.

Mork grendalag vil slå saman Mork- og Hovden skule

- Kva med å byggje ein ny skule på Langemyra?

Mork grendalag vil slå saman Mork- og Hovden skule

Mork Grendalag har kom med eit spørsmål til Ørsta kommune om skulen i Hovdebygda. - Kva med å slå saman Morsk skule og Hovdebygda skule?

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!