Annonse

Nytt energimål: EU skal spare meir

EU skjerpar målet for energisparing til 32,5 prosent innan 2030. Det kan redusere behovet for import av gass frå Noreg.

Det nye målet kom på plass denne veka i sluttforhandlingar mellom EUs institusjonar.

EU har fram til no hatt eit mål om energieffektivisering på 27 prosent innan 2030. Det nye målet inneber dermed ei vesentleg skjerping av innsatsen.

Spørsmålet har vore følsamt for olje- og gassnæringa i Noreg fordi meir energisparing kan redusere behovet for import av norsk gass.

EUs klimakommissær Miguel Arias Cañete fastslår at EU no vil bli mindre avhengig av import av fossile brensel utanfrå.

- Europa er med god margin den største importøren i verda av fossile brensel. Det set vi no ein sluttstrek for. Denne semja er ein kraftig dytt i retning av europeisk energisjølvstende, seier han.

Semja må formelt godkjennast av EU-parlamentet og medlemslanda før den kan tre i kraft.

(©NPK)

EUs klimakommissær Miguel Arias Cañete (ståande) saman med EU-kommisjonens visepresident Frans Timmermans. EU har no fått på plass nye mål for både fornybar energi og energieffektivisering. Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB scanpix