Nytt nei frå styresmaktene til brystkreftmedisin 

Avgjerdsforum for nye metodar har endå ein gong sagt nei til å innføre brystkreftmedisinen Kadcyla i Norge. 

Dei administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka hadde fredag eit ekstraordinært møte for å ta stilling til om fire nye legemiddel kan takast i bruk ved norske sjukehus, skriv Dagens Medisin.

Brystkreftmiddelet trastuzumab-emtansin (Kadcyla), som blir brukt i behandling av brystkreft med spreiing for å gi pasienten auka levetid, var blant legemidla som blei vurdert. Styresmaktene og produsenten Roche har forhandla om legemiddelet i tre år, og det var det sjuande pristilbodet frå produsenten som Avgjerdsforum avslo fredag.

Lars Vorland, leder av Avgjerdsforum og administrerande direktør i Helse nord, seier det var ei vanskeleg sak som blei nøye diskutert.

- Vi tvilte oss fram til eit nei, seier Vorland.

Avgjerdsforum meiner framleis at kostnadene er for høge til at legemiddelet kan bli innført. Dei etterlyser også meir dokumentasjon på effekten av Kadcyla. Vorland seier eit nytt pristilbod eller meir dokumentasjon vil gjere til at dei vurderer saka igjen.

Også i mars 2016 sa Avgjerdsforum nei til å innføre medisinen i norske sjukehus.

(©NPK)