- Nytt toppmøte mellom Nord- og Sør-Korea i september

Det vil bli halde eit nytt toppmøte mellom Nord- og Sør-Korea i september, melder det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap.

Måndag møttest ein delegasjon frå kvar si side av den koreanske delelinja til samtalar for å diskutere førebuingane før det neste toppmøtet mellom Nord-Koreas leiar Kim Jong-un og den sørkoreanske presidenten Moon Jae-in.

Då dei to møttest for første gong i april, takka Moon ja til å komme på besøk til Pyongyang i haust.

Nokre timar etter at møtet starta, melde Yonhap at det vil bli halde toppmøte i september. Det sørkoreanske nyheitsbyrået nemnde ikkje kven som var kjelde til opplysninga. Det er heller ikkje opplyst eksakt dato.

Samtalane måndag vart foreslått av Nord-Korea i førre veke, samtidig som landa langa ut mot USA for å behalde sanksjonane mot dei.

Tidlegare måndag uttalte den sørkoreanske gjenforeiningsministeren Cho Myoung-gyon at det var viktig at dei to koreanske landa beheld «det same sinnelaget».

- Mange tema vil bli tatt opp, men eg trur at alle problem kan løysast med den innstillinga, sa Cho. Han nemnde også moglegheita for at Nord-Korea kan ta opp temaet rundt sanksjonane mot landet.

- Vi vil forklare vår posisjon overfor nord, sa han.

Forholdet mellom nord og sør er betydeleg forbetra etter det historiske toppmøtet i slutten av april. Nord-Korea, som også hadde eit toppmøte med USA i juni, har lova «full og irreversibel atomnedrustning» i byte mot diplomatiske relasjonar og oppheving av sanksjonane. I juni uttalte president Donald Trump at dette definitivt ville skje, men uvissa rundt Nord-Koreas eigentlege planar har auka den siste tida.

(©NPK)

Nord-Koreas gjenforeiningsminister Ri Son-gwon (t.v.) møtte sin sørkoreanske motpart Cho Myoung-gyon i grensebyen Panmunjom måndag. Foto: Korea Pool / Yonhap via AP / NTB scanpix