Annonse

Obama driv valkamp saman med Clinton

(NPK-NTB-AFP): President Barack Obama har valt North Carolina som første stat der han skal drive valkamp for Hillary Clinton.

Annonse

Dei to deltek på eit valkamparrangement for Clinton neste tysdag i Charlotte etter at det no på omtrent er klart at Clinton blir presidentkandidat for Demokratane.

Opphavleg var det meininga at deira første opptrinn saman skulle vore i Wisconsin 15. juni, men det blei utsett på grunn av skyteepisoden i Orlando, der nesten 50 menneske blei drepne.

Obama gav si formelle støtte til Clinton 9. juni etter lenge å ha latt vere å ta parti mellom henne og Bernie Sanders så lenge alle nominasjonsvala ikkje var over.

– Eg trur ikkje det nokosinne har vore nokon som har vore meir kvalifiserte til å bli president. Eg er med henne, og eg gler meg til å drive valkamp saman med henne, sa Obama då.

Sanders har enno ikkje formelt trekt seg frå kampen, trass i at Clinton no har fått nok delegatar til å vinne nominasjonen på landsmøtet til partiet neste månad. (©NPK)