Obama vil ha full gransking av cyberangrepa mot valet

(NPK-NTB-AFP): USAs president Barack Obama har bedt om ein full gjennomgang av cyberangrepa mot USA i forkant av presidentvalet.

Obamas regjering og USAs etterretningssjef gjekk ein månad før valet ut og sa at Russland stod bak ein omfattande kampanje for å påverke valet, blant anna gjennom hackerangrep mot Det demokratiske partiet.

– Presidenten har bedt etterretningstenestene om å setje i verk ein full gjennomgang av det som skjedde under valprosessen i 2016, seier Obamas sikkerheitsrådgjevar Lisa Monaco.

– Det er heilt nødvendig å forstå kva dette betyr, kva som har skjedd og å lære av det, sa ho under eit frukostmøte halde av The Christian Science Monitor. Rapporten skal vere klar før Obama går av 20. januar. (©NPK)