Annonse

Odd mot Fredrikstad i cupen

To av gigantane i NM-historia møtest når Odd og Fredrikstad speler mot kvarandre i 2. runde av cupen.

Annonse

Det blei klart då Norges Fotballforbund offentleggjorde oppsettet for alle dei 32 kampane i 2. runde fredag.

4.-divisjonslaget Bergsøy, som sensasjonelt slo ut Aalesund i 1. runde, kan ta ein ny stor skalp når Kristiansund kjem på besøk.

I Fredrikstad møtest i tillegg to av dei mestvinnande laga i NM-historia når Odd tar turen frå Skien. To tidlegare cupmeistrar møtest også på Melløs når Moss tar imot Stabæk.

Seksjonsleiar for turneringsadministrasjon i Norges Fotballforbund, Rune Pedersen, seier dei har prøvd å redusere reisebelastninga for dei involverte klubbane.

- Det er tett kampprogram for alle klubbar i mai. Vi har derfor prøvd å minimalisere reisene og unngått lange og krevjande reiser. Så prøver vi også, så langt det lar seg gjere, å sette opp lag som ikkje har møtt kvarandre i cupen dei siste åra, seier han.

- I enkelte kampar kjem likevel omsynet til reise først. Elles trur vi det blir ein del fine oppgjer med litt klang. Det blei mange flotte cupfestar i 1. runde, noko vi håper og trur det også blir i 2. runde, legg Pedersen til.

Kampdag er i utgangspunktet 2. mai, men oppgjer kan også spelast 1. mai dersom begge dei involverte klubbane blir samde om det.

Dette er kampane i 2. runde i NM i fotball:

Arendal-Start, Bergsøy-Kristiansund, Brattvåg-Molde, Fredrikstad-Odd, Grorud-Vålerenga, Harstad-Bodø/Glimt, Lysekloster-Haugesund, Lørenskog-Lillestrøm, Moss-Stabæk, Sotra-Brann, Steinkjer-Rosenborg, Valdres-Strømsgodset, Skeid-Sandefjord, Senja-Tromsø, Ørn Horten-Sarpsborg, Alta-Tromsdalen, Bryne-Viking, Egersund-Jerv, Elverum-KFUM Oslo, Fram-Mjøndalen, Fyllingsdalen-Sogndal, HamKam-Hønefoss, Hødd-Florø, Junkeren-Levanger, Kjelsås-Ull/Kisa, Kongsvinger-Raufoss, Nest Sotra-Åsane, Notodden-Asker, Orkla-Ranheim, Sandnes Ulf-Vidar, Stjørdals-Blink-Mjølner, Strømmen-Bærum.

(©NPK)

Per-Mathias Høgmo og Fredrikstad fekk tøff motstand i cupen. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix