Ødegaard-kompis forsvinn på lån

Real Madrid er i ferd med å låne ut fleire spelarar for neste sesong. Theo Hernández går til Real Sociedad. Er Martin Ødegaard nestemann ut?

?

Venstrebacken Hernández (20) skal få matching i La Liga, og det skjer nord i Spania. Dei fleste ekspertar på spansk fotball trur Ødegaard blir sendt ut på lån.

Han var halvannan sesong i Heerenveen før han returnerte til Madrid i mai, men truleg blir ny destinasjon for han i haust ein eller annan stad i Spania.

La Liga startar neste helg, og det er venta at Real vil ha på plass så mykje som mogleg rundt utlån.

Ødegaard har vore med på sesongoppkøyringa til Real dei siste vekene. Han pådrog seg eit brot i foten i vår. Det gjorde at han måtte trene alternativt over lengre tid.

(©NPK)

Martin Ødegaard kan vere på veg på utlån. Foto: Berit Roald / NTB scanpix