Annonse

Ofotbana stengt etter granatfunn frå 2. verdskrig

(NPK-NTB): Ofotbana ved Narvik i Nordland er fredag morgon stengt etter at ein fann eksplosiv frå andre verdskrigen under gravearbeid.

Annonse

Togstrekninga er stengt mellom Narvik og stasjonen Straumsnes etter at fleire gjenstandar blei funn like ved sporet i samband med gravearbeid for å forbetre jernbanestrekninga.

Ifølgje politiet i Narvik dreier det seg om eksplosiv. Ekspertar frå Forsvarets bombegruppe er difor tilkalla for å undersøkje funnet nærare.

Det gjekk føre seg harde kampar i det aktuelle området under andre verdskrigen og det kan difor dreie seg om eksplosiv frå den perioden, utan at det førebels er fastslått av ekspertar.

Banesjef Knut Karlsen i Jernbaneverket seier likevel til lokalavisa Fremover at gjenstanden som er funn er granatliknande og at dei med 99 prosents sannsyn kan fastslå at den stammer frå krigen.

Jernbaneverket opplyser på Twitter at bana truleg blir stengt fram til klokka 22 fredag kveld. Eit område på 200 gonger 200 meter er sperra av rundt funnstaden.

Det svenske jernbaneselskapet SJ har sett opp buss for tog for ettermiddagstoget til Luleå.

Ofotbanen er ei togstrekning som går frå Narvik og inn i Sverige. Det er for det meste godstrafikk og malmtransport frå svenske gruver i Kiruna-området på strekningen, men òg daglege passasjertog til Luleå og Stockholm. (©NPK)