Annonse

Oljefall gav nedgang på Oslo Børs

Fall i prisen på nordsjøolje førte til nedgang på Oslo Børs torsdag. Hovudindeksen fall med 1,24 prosent og enda på 795 poeng.

Annonse

Prisen på nordsjøoljen Brent Blend fall med 1,32 prosent, skriv E24, noko som gav tydelege utslag. Alle av børsdrivande selskapa enda i raudt.

Statoil-aksjen fall 1,18 prosent, DNB fall 2,43 prosent og Telenor gjekk 1,46 prosent tilbake. Nær alle oljerelaterte verksemder måtte også notere nedgang. Subsea 7 fall med 3,12 prosent, Aker BP - 1,32 prosent og søsterselskapet Aker Solutions fall med, 1,72 prosent.

Blant dei få selskapa i hovudutvalet som gjekk fram, var flyselskapet Norwegian, som etter eit betydeleg fall tysdag gjekk fram med 2,96 prosent. Schibsteds A-aksje steig med heile 4,51 prosent mens Rec Silicon steig med 2,2 prosent.

Dei europeiske børsane gjekk alle tilbake torsdag. DAX 30 i Frankfurt fall med 1,7 prosent og CAC 40-indeksen i Paris fall 1,38 prosent. FTSE 100-indeksen i London fall 1,23 prosent.

E24 skriv at frykt for handelskrig mellom Kina og USA er ein sentral årsak til nedgangen i dei globale aksjemarknadane. Natt til torsdag uttalte USAs president Donald Trump at han ville offentleggjere handelssanksjonar mot Kina, og etter at dei europeiske børsane stengde vart det klart at Trump innfører 50 milliardar dollar i straffetoll mot det asiatiske landet.

Prisen på nordsjøolje var torsdag ettermiddag 68,93 dollar fatet. Prisen for amerikanske lettolje var 64,47 dollar.

(©NPK)

Dei fleste selskapa på Oslo Børs måtte notere nedgang torsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix