Annonse

Oljefondet går inn i nytt klimasamarbeid

Noreg blir med i ei internasjonal gruppe som skal lage ein «gullstandard» for korleis store fond kan bidra til å fremje klimavennlege investeringar. 

Det nye initiativet blei lansert av statsminister Erna Solberg (H) under president Emmanuel Macrons klimatoppmøte i Paris.

Då han planla toppmøtet, tok den franske presidenten kontakt med både Noreg og andre land med store pensjonsfond. Det leidde fram til ein ny arbeidsgruppe der Noreg no skal delta saman med Abu Dhabi, Kuwait og New Zealand.

Arbeidsgruppa skal utvikle ein ny «gullstandard» for korleis store fond kan trekke klimarisiko inn i vurderingane når dei gjer investeringar, forklarer Solberg. I tillegg skal det utviklast reglar for korleis selskap må rapportere om sitt eige fotavtrykk på klimaet.

Heime i Noreg har debatten halde på lenge om rolla oljefondet spelar i klimapolitikken. Fleire forslag ligg på bordet, til dømes om å stramme inn reglane for investeringar i olje og gass og om å opne opp for større investeringar i fornybar energi.

Solberg understrekar på si side at det overordna målet til oljefondet framleis skal vere det same: Å tene pengar.

- Det er viktig for oss å seie at pensjonsfondets mål ikkje er å vere eit utanrikspolitisk verkemiddel. Det skal heller ikkje vere eit klimaverkemiddel, seier ho.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg saman med Frankrikes president Emmanuel Macron i Paris. Foto: François Mori / AP / NTB scanpix