Oljeprisfall har gitt mindre arbeidsløyse enn frykta

(NPK-NTB): Til trass for at oljeprisen har falle kraftig dei siste åra, har arbeidsløysa berre auka moderat. Nye prognosar antydar at arbeidsløysetoppen allereie kan vere bak oss.

Sjefanalytikar Erik Bruce i Nordea seier til Dagens Næringsliv at han neppe ville spådd at arbeidsløysa berre ville stige til 3,4 prosent dersom nokon for tre år sidan hadde fortalt han at oljeprisen skulle falle med 70 prosent.

– Før prisfallet, viss vi fekk spørsmål om «når går det skikkeleg gale i Noreg?», svarte vi: Jau, det er når oljeprisen kollapsar, seier Bruce. Han seier det har gått over all forventning i andre sektorar enn dei oljerelaterte.

Då prisfallet starta, var arbeidsløysa på 2,7 prosent. Arbeidsløysetoppen kan ha blitt nådd med 3,4 prosent i januar i år. Nav trur ikkje lenger arbeidsløysa vil fortsette å stige.

«Utviklinga i den registrerte arbeidsløysa så langt i år har vore klart betre enn vi anslo i vår førre prognose, og vi må derfor nedjusterte prognosen vår både for 2016 og 2017», skreiv etaten i ein rapport førre veke.

– For det første reknar vi med at det vil gå «mindre dårleg» med oljerelatert verksemd. For det andre ser vi for oss auka bustadinvesteringar i tillegg til svak kronekurs og låg rente, som er positivt for tradisjonell industri og for turismen, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng. (©NPK)