Olympic Shipping samde med kreditorane

(NPK-NTB): Olympic Shipping er samde med kreditorane og sikrar vidare drift for Fosnavåg-reiarlaget. Løysinga inneber at 80 tilsette blir sagt opp.

Olympic Shipping har lenge arbeidd med å få på plass løysingar på den krevjande økonomiske situasjonen som marknadsutviklinga har skapt. No er løysinga på plass ved hjelp av lokale investorar og ei restrukturering av selskapet, skriv Olympic i ei pressemelding.

Hovudelementet i den nye løysinga er mellom anna etablering av eit nytt subsea-selskap, Olympic Subsea, som blir tilført 400 millionar kroner i ny eigenkapital. Samtidig blir den samla renteberande gjelda til selskapet redusert frå 5,5 milliardar kroner til 3,8 milliardar kroner. Konsernsjef Stig Remøy blir største aksjonær i det nye selskapet med ein aksjepost på 70 prosent.

Selskapet Swire Pacific tar over skipet «Olympic Athene». I tillegg overtar ein av lånegjevarane skipa «Olympic Commander», «Olympic Poseidon» og «Olympic Hera», noko som betyr at Olympic ikkje lenger vil kunne tilby arbeid til mannskapa om bord på desse skipa. Til saman reknar ein med å måtte seie opp cirka 80 tilsette, på same tid som andre vil kunne bli permittert.

– Det er beklageleg at vi er nøydd å seie opp så mange gode medarbeidarar, og vi skulle gjerne ha vore dette forutan. Samtidig gjer løysinga at vi vil kunne behalde hovuddelen av vår arbeidsstokk. Det har vore eit viktig mål for oss, sjølv om vi i dag også tenkjer på dei kollegaene som ikkje kan bli med Olympic vidare, seier Remøy. (©NPK)