Ombodet støttar NRK i hijab-saka

Likestillings- og diskrimineringsombodet har fått over 60 meldingar om hijab-bruk i NRK-programmet «Faten tar valet», men meiner kanalen ikkje diskriminerer.

Bakgrunnen er ei sak i november 2013, då NRK-programleiar Siv Kristin Sællmann fekk oppfordringar frå leiinga om å ikkje bruke kors på TV. Saka enda med klagestorm til Kringkastingsrådet, der NRK fekk full støtte.

Klagene meiner NRK diskriminerer ved å ikkje la ein kristen nyheitsprogramleiar ha på seg kors under nyheitssending, mens Faten Mahdi al-Hussaini får bruke hijab i «Faten tar valet».

I eit svarbrev til dei som tar kontakt, skriv ombodet dette:

«Dersom Faten skulle jobbe som nyheitsprogramleiar, ville ein regel om at ho ikkje fekk bere religiøse plagg/symbol (hijab) ikkje vore diskriminerande. Den same vurderinga som i saka om korsbruk, nemnt over. Omvendt, ville ein programleiar i ein programserie om valet kunne bere kors. Det betyr altså at ein kristen programleiar og ein muslimsk programleiar (dersom det gjaldt same type program) blir behandla på same måte»

«Dei to tilfella som du nemner er altså ikkje samanliknbare, fordi det er snakk om to forskjellige programleiarroller. Som ein følgje av dette, har NRK forskjellige regler for desse rollene, Det at NRK har forskjellige regler ut frå kva for eit program det er snakk om, er ikkje diskriminerande», heiter det vidare.

Likestillings- og diskrimineringsombodet opplyser at dei ikkje kjem til å gjere noko meir i denne saka.

(©NPK)

Faten Mahdi Al-Hussaini er å sjå i programmet «Faten tar valet». Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix