Annonse

Opnar Neymar-sak att

(NPK-NTB-AFP): Svindelsaka mot Barcelona-stjerna Neymar er ikkje over. Anken til den spanske påtalemakta blei fredag tatt til følgje.

Der vil seie at saka mot Neymar og far hans skal opp i rettssystemet på nytt.

I juli slo ein dommar fast at det fanst feil i Neymars overgang frå brasilianske Santos til Barcelona, men at saka ikkje høyrde heime i kriminaldomstolen.

Den avgjerda var ikkje den spanske påtalemakta fornøgd med og la raskt inn ein anke. Der blei det argumentert for at Neymar og far hans må ha kjent til det potensielle bedrageriet i samband med overgangen til Barcelona i 2013.

Fredag blei anken tatt til følgje av ein domstol i Madrid.

Ifølgje Barcelona blei Neymar henta for 57,1 millionar euro, men spanske styresmakter meiner alle avtaler i overgangen i røynda hadde ein verdi på over 83 millionar euro.

Den brasilianske investeringsgruppa DIS eigde 40 prosent av Neymars spelerettar då han blei seld frå Santos. Representantar frå fondet hevdar at DIS blei svindla for fleire millionar. (©NPK)