Opning for kvinnefleirtal i styret i Indremisjonsforbundet

(NPK-NTB): Kvinner kan for fyrste gong få ein moglegheit til å komme i fleirtal i styret i Indremisjonsforbundet etter eit hastevedtak på generalforsamlinga i Ålesund torsdag.

Regelen om at fire av dei sju medlemmene i styret skal vere menn, blei endra i ein fei etter at generalsekretær Erik Furnes peikte på moglegheita for at det ikkje blir valt fire menn i styret, og at det dermed uansett er enkelt å setje lovene til side, skriv avisa Dagen.

Indremisjonsforbundet driv misjonsarbeid på rundt 450 bedehus på Sørlandet, Vestlandet og i Finnmark. Dei nye reglane som samrøystes blei vedteke torsdag, inneber at heile seks av styret sine sju medlemmer kan vere kvinner. Med det kan det allereie fredag ende opp med å bli kvinnefleirtal i Forbundsstyret.

Torsdag blei Odd Asbjørn Nybø valt til ny leiar for Indremisjonsforbundet. Sunnmøringen fekk 95 stemmer, medan motkandidaten Gabriel Pollestad fekk 82.

Nybø blei rekna som den mest kyrkjekritiske kandidaten, og valet blir sett på som ein indikasjon på kva for eit forhold forbundet skal ha til Den norske kyrkja framover, skriv Dagen.

Sverre Dag Ljønes går av etter sju år som leiar i forbundet, som blei oppretta i 1898 og har ti kretsar. Organisasjonen er heilt- eller deleigar i 24 skular, ni barnehagar og har om lag 1.000 tilsette. (©NPK)