Annonse

Opprørarar bussa ut av Homs

(NPK-NTB-AFP): Meir enn 130 opprørarar og familiane deira er henta ut av Homs i Syria.

Totalt blei omkring 250 personar henta ut av det siste opprørarkontrollerte nabolaget i Homs måndag. Evakueringa, som blei gjennomført i tråd med ein avtale mellom opprørarane og regjeringa i Damaskus, er den tredje i sitt slag sidan i fjor.

Bydelen Waer har i tre år vore under kontrollen til styrkane til president Bashar al-Assad, noko som har svekt opprørsgruppene her sterkt.

Dei evakuerte blir frakta til Dar al-Kuba, eit opprørarkontrollert område nord i Homs-provinsen.

– Vi vil fortsette å evakuere væpna menn frå nabolaget. Prosessen vil bli fullført dei neste vekene, seier Homs-guvernør Talal Barazi til statleg syrisk TV.

Bilete viste familiar som bar bagasje om bord på store grøne bussar med hjelp frå frivillige frå syrisk Røde Kors, medan soldatar frå regjeringshæren heldt oppsyn.

Rundt 600.000 menneske lever under beleiring i Syria, ifølgje FN. (©NPK)