Opprørarar og sivile blir evakuerte frå Damaskus

(NPK-NTB-DPA): Evakueringa av opprørarar og sivile i Damaskus-forstaden Daraya er i gang, opplyser eksilgruppa SOHR.

Torsdag melde statleg syrisk fjernsyn og SOHR at det er inngått avtale om å evakuere den opprørskontrollerte forstaden.

Fredag morgon bekrefta leiaren for Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) Rami Abdulrahman at evakueringa no er i gang.

– Bussane som skal evakuere opprørarane og sivile har begynt å komme til byen etter at ein har rydda bort alle sperringar som har halde vegane stengde sidan 2012, seier han til nyheitsbyrået DPA.

– Tusenvis av sivile skal innkvarterast i Qudusaya og al-Kiswa utanfor Damaskus. Seinare skal anslagsvis 700 opprørarar få lov til å ta med seg sine familiar og flytte til Idlib-provinsen nordvest i landet, heiter det i ei melding frå SOHR.

Torsdag sa ein forhandlar for det syriske regimet at rundt 3.500 sivile og opprørarar skal få forlate Daraya som del av avtalen som no er inngått. I tillegg skal 4.000 andre sivile flyttast til ein annan Damaskus-forstad, sa forhandlaren.

Innbyggjarane i forstaden Daraya har lidd av mat- og medisinmangel. Først i juni i år fekk befolkninga dei første hjelpesendingane, som del av ein avtale mellom Russland og vestlege land. (©NPK)