Annonse

Oppstart på Ivar Aasen-feltet i desember

(NPK-NTB): Produksjonen på Ivar Aasen-feltet i Nordsjøen kan komme i gang før jul etter at Oljedirektoratet har gitt sitt samtykke.

Operatøren på feltet, Aker BP, planlegg å starte utvinninga av olje og gass i desember. Aker BP er ei samanslåing av selskapa Det norske og BP.

Feltet er bygd ut med ei botnfast produksjonsinnretning på 110 meters djup. Olje og gass som blir henta opp på feltet, skal slutt-prosesserast på Edvard Grieg-feltet, som også skal sørgje for straum til Ivar Aasen-feltet fram til det er etablert ei felles løysing, opplyser Oljedirektoratet.

Ein endeleg avtale om levering av straum frå land skal vere klar i slutten av 2018.

Dei utvinnbare reservane frå Ivar Aasen er berekna til 23,3 millionar standard kubikkmeter (Sm3) olje, 4,4 milliardar Sm3 gass og 0,9 millionar tonn NGL. (©NPK)