Annonse

Organisasjon foreslår fredspris til franskmenn

(NPK-NTB): – Det franske folket bør få Nobels fredspris, for dei har oppført seg så bra i møte med terrorangrepa, seier leiaren for innvandrarorganisasjonen LIM.

Annonse

– Dersom det franske folk fortset å ikkje gi etter for presset, og ikkje oppfører seg negativt mot muslimar, bør dei få fredsprisen, seier Mahmoud Farahmand til NTB.

I ein kronikk i Dagbladet skriv Farahmand, som er talsperson for nettverket LIM (Likestilling, integrering, mangfald), at ein ikkje skal sjå på den europeiske toleransen som ein sjølvfølgje.

– Franskmenn sin måte å møte harde prøvelsar og provokasjonar på, bør stå som eit eksempel for resten av verda. Ein tildeling av Nobels fredspris til det franske folk vil vere ein viktig markering av dette. Ein seier for sivilisasjonen over barbariet, skriv han i kronikken.

– Det IS vil, er jo å skape splitting mellom minoritetane og andre franskmenn, men i staden så maner franskmennene til samhald, respekt og forståing. Det synest eg det står respekt av, seier Farahmand til NTB.

Fristen for nominasjonar til fredsprisen i 2016 er gått ut. 376 personar og organisasjonar er nominert, men Farahmand trur ikkje det franske folket er på lista.

– Dersom moglegheita byr seg og franskmennene fortset, vil eg diskutere ein nominasjon i 2017 med politikarar som har høve til å nominere, seier han. (©NPK)